Hopp til innhold

Meir pengar i sol enn i vind

Det blir no investert meir i solenergi enn i vindkraft på verdsbasis.

Dette er solceller frå det norske selskapet Rec. Solenergi er blitt billigare, og om ti år kan denne

Solceller frå det norske selskapet REC, som tysdag vedtok å leggje ned all produksjon av solceller i Noreg.

Foto: ( Rec)

Sol og vind låg stort sett side om side i 2010, men i 2011 auka investeringane i solenergi i G20-landa med 44 prosent, til rundt 725 milliardar kroner.

Samstundes gjekk investeringane i vindkraft ned med 15 prosent, til knappe 410 milliardar kroner.

Det går fram av ein ny rapport frå Bloomberg og den amerikanske tenketanken PEW Research Center, skriv den danske avisa Politiken.

Ny rekord for grøn energi

Trass i den økonomiske krisa i mange land, auka dei samla investeringane i grøn energi i fjor med 6,5 prosent, til ein ny rekord på nær 1500 milliardar kroner.

Årsaka til auken er særleg fallande produksjonsprisar og aukande effektivitet. Dette er i fleire land også hjelpt ekstra på veg av svært fordelaktige støtteordningar.

Samla inneber det at tilbakebetalingstida etter investeringar i solenergi har falle drastisk.

Konsulentfirmaet McKinsey påpeikar i ein annan, ny rapport at solenergibransjen truleg vil kunne klare seg heilt utan subsidiar alt i 2020.

REC legg ned i Noreg

Hans Ødegård

Hovudtillitsvald på REC, Herøya, Hans Ødegård, blei svært skuffa då han tysdag fekk meldinga om nedlegging av solcelleproduksjonen.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Dei fallande produksjonsprisane er bakgrunnen for at den norske solenergigiganten REC har vedteke å avvikle all produksjon av solceller i Noreg.

Tysdag sende selskapet ut ei pressemelding der det heitte:

"Med forventninger om et fortsatt betydelig negativt driftsresultat, har Renewable Energy Corporation ASA (REC) besluttet å stenge ned permanent gjenværende produksjon av multikrystallinske wafere på Herøya".

På grunn av store nedskrivningar på fabrikken sin i Singapore enda selskapet med eit driftsresultat på minus 2,5 milliardar kroner siste kvartal i fjor.

Det samla negative resultatet i 2011 var på 9,5 milliardar kroner.

Aksjeanalytikar Henrik Seland sa då REC starta nedleggingsprosessen at han ikkje trudde selskapet hadde ei framtid i Noreg.

– Vi hadde i analysane alt hausten 2010 at selskapet burde vurdere å leggje ned all verksemd i Noreg.

– Det ville vere ein naturleg konsekvens at den auka produksjonskapasiteten i Singapore, meinte han.