President Aleksandr Lukasjenko, også kalla 'Europas siste diktator' håpar IMF vil følgja Russland og gje Kviterussland eit milliardlån.
Foto: VIKTOR DRACHEV / AfpPresidenten Aleksandr Lukasjenko har dermed fått ja til milliardlånet han trygla russarane om like før presidentvalet i desember i fjor.
Regjeringa i Minsk vonar at låna, som ifølgje NTB utgjer ein femdel av landet sitt bruttonasjonalprodukt, vil hjelpa den tidlegare sovjetrepublikken gjennom den økonomiske krisa landet er inne i.
- KOMMENTAR: President og land i dyp trøbbel
Panisk hamstring
Hyperinflasjon har herja med kviterussarane sine rublar dei siste 20 åra, men i mai i år blei krisa akutt.
Tysdag denne veka blei den kviterussiske rubelen nedskriven med heile 36 prosent
- LES OGSÅ: Krisen brer om seg i Hviterussland
Folk vekslar inn pengane sine i utanlandsk valuta, stormar butikkar og hamstrar både matvarer og kvitevarer i frykt for at pengane skal bli totalt verdilause.
Prisane på mat har auka så kraftig dei siste månadene, at styresmaktene i mai bestemte seg for å frysa prisane på viktige matvarer som fisk, kaffi, ost, frukt og grønsaker.
Sovjet-stil
Bakgrunnen for krisa, er blant anna president Lukasjenko sine omstendelege økonomiske lovnader framfor presidentvalet i fjor.
«Europas siste diktator» lova 40 prosent lønsauke til offentleg tilsette for å sikra seg at dei helde seg lojale. Samstundes skrudde Russland opp gassprisen. Til saman var det nok til å kjøra økonomien i grøfta.
Landet må no stabilisera valutaen og stagga den gallopperande inflasjonen.
Nederlag for Lukasjenko
Den økonomiske krisa er eit politisk nederlag for den autoritære presidenten i landet. Siden han kom til makta i 1994 har han i stor grad oppretthalde ein
statleg styrt økonomi i sovjetstil og trekt fram velferd og stabilitet som sine viktigaste mål.
Kviterussland ventar framleis på eit lån på 8 milliardar dollar frå Det internasjonale pengefondet (IMF).