- Dette betyr billegare straum og dermed auka forbruk i næringslivet. Og då kjem straumprisen under press, seier informasjonsdirektør Svein Thompson i Prosessindustriens Landsforeining, PIL.
Kraftig auke
Det er umogleg i dag å seie kor mykje straumprisen vil auke, men utrekningar viser at forbruket vil auke med tre milliardar kilowattimar årleg. Det tilsvarar årsforbruket til 150.000 husstandar, eller to års normalt vekst i forbruket her i landet. Thompson er ikkje i tvil om at dette vil gi utslag i prisane.
Svein Thompson fryktar auka forbruk og dyrare straum. (Foto: PIL)
- Dersom vi får ein situasjon der det er like lite vatn i magasina som i vinter, vil det føre til at vi kan få endå høgare straumprisar enn vi hadde då, seier Thompson.
Etterlyser tiltak
Han etterlyser no tiltak frå styresmaktene som kan hindre at vi får ein kraftig prisvekst på straum. Mange bedrifter vil ikkje tole ein ny kraftig auke i straumprisane, seier han.
Statssekretær Øystein Børmer i Finansdepartementet seier at departementet vurderer tiltak for å få ned straumforbruket, men at desse først vil bli framlagde i statsbudsjettet til hausten.