Hopp til innhold

DnB NOR set opp renta

DnB NOR set opp bustadsrenta for privatkundar med 0,25 prosentpoeng frå i morgon.

Mynter og sedler i Euro.
Foto: Illustrasjonsfoto.

Banken hevar også innskotsrenta med opptil 0,40 prosentpoeng.

- Årsaka er at pengemarknadsrenta har auka mykje den siste tida, og det er med bakgrunn i dette at vi no har vedteke å endre både innskots- og utlånsrenta, seier informasjonsdirektør Aud-Helen Rasmussen i ei pressemelding.

Dei nye rentesatsane vil gjelde frå i morgon for nye lån. For eksisterande lån og innskot vil dei nye satsane fyrst gjelde frå 15. mai.

Uavhengig av Norges Bank

Det er rentenivået i pengemarknaden som styrer rentene bankane set for kundane sine. Difor endrar DnB NOR rentesatsane uavhengig av rentesetjinga til Norges Bank.

- Pengemarknadsrenta er prisen vi må betale for å hente inn pengane utanfrå, og denne har vorte svært mykje dyrare den siste tida, seier pressekontakt Nicolay Bruusgaard til NRK.

DnB NOR har også tidlegare i år gjennomført rentejusteringar på grunnlag av pengemarknadsrenta.

- I januar sette vi ned renta på fleire av bustadlånstypane våre med 0,15 prosentpoeng. vi vil også i framtida vurdere prisane våre med bakgrunn i dette, seier Aud-Helen Rasmussen.

Berre eit spørsmål om tid

Også andre bankar vurderer no å setje opp renta.

- Vi har ikkje teke noko avgjer om dette enno, men det er ikkje utenkjeleg at også vi kjem til å setje opp renta den komande tida, seier Thor-Christian Haugland, som er konserndirektør for marknad og kommunikasjon i Sparebank 1 SR-Bank.

Held prisane i pengemarknaden seg som i dag, er det meir truleg at vi set opp renta enn at vi ikkje gjer det.

Thor-Christian Haugland

Nordea har ingen konkrete planar om å endre utlånsrenta for privatkundar per i dag, men ifølgje pressesjef Rune Kibsgaard Sjøhelle er dette noko som kan endre seg raskt.

- Alt er mogleg. Vi følgjer nøye med på rentemarknaden, seier han.

LES: Nordisk kamp mot SMS-lån