Hopp til innhold

Derfor set Gjedrem opp renta

Alt tyder på at Noregs Bank set opp renta i dag. Den positive utviklinga i norsk økonomi tel meir enn internasjonal uro.

Sentralbanksjef Svein Gjedrem
Foto: Holm, Morten / SCANPIX

13. mars bestemte Noregs Bank at renta skulle vere uendra på 5,25 prosent. Men banken varsla at renta skal opp – dei vurderte eit rentehopp allereie på møtet i mars. Derfor reknar dei fleste sjeføkonomar med at renta går opp med 0,25 prosentpoeng i dag.

- Inflasjonspresset held fram

- Det har ikkje skjedd noko sidan mars som peikar i ein annan retning, seier sjeføkonom Knut Anton Mork i Handelsbanken til NRK.no. Ei viktig årsak er at inflasjonspresset held fram. Vi har også hatt reell prisstiging, seier Mork.

Utsiktene til vekst internasjonalt er blitt dårlegare, men Noregs Bank legg mest vekt på utviklinga her i landet. Det er ei vurdering vi er samde i, seier Stein Bruun, som er sjeføkonom i SEB Norge.

Les også: - Noen er i ferd med å gå under

Stor sjanse for nok ein auke

Aktivitetsnivået i norsk økonomi er høgt er høyt, og det er eit press oppover både på prisar og lønn.

- Vi trur at prisstinginga kjem til å liggje over det som Noregs Bank la til grunn i mars. Derfor meiner vi det er meir enn 50 prosent sjanse for nok ein renteauke seinare i år. Dei neste inflasjonstala vil bli svært avgjerande. Det vil også utfallet av lønnsoppgjøret i stat og kommune, seier Bruun.

Styringsrenta gjekk opp sju gonger i 2007. Då året starta, låg renta på 3,5 prosent. Første renteauke kom 25. januar. Siste rentehopp var 13.desember. Sidan då har renta vore uendra på 5,25 prosent.