NRK Meny
Normal

Bustadprisane opp andre kvartal

Det var prisoppgang på bustadmarknaden i Noreg i april, mai og juni i år.

Prisene på boliger i København er på vei nedover og meglerne snakker om et fall på 20 prosent.

Framleis prisvekst ved kontraktsignering på bustad i siste kvartal.

Foto: Fjeldstad, Knut / SCANPIX

I snitt auka bustadprisane med 3,4 prosent frå første til andre kvartal i år.

Om ein tek omsyn til normale  sesongsvingningar, er prisstigninga 2,2 prosent, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

Les også: Bustadprisane ned i juli

 

 I løpet av det siste året har bustader i Noreg hatt ein prisvekst på 14,1 prosent.

Prisen på småhus gjekk mest opp, med 16,5 prosent.

For blokkleiligheiter og einebustader er det registrert ein gjennomsnittleg prisauke på høvevis 14,4 og 13,5 prosent.

Store skilnader

Prisauken gjeld for heile landet, men de regionale skilnadane er store.

Det er dyrast å kjøpe leilegheit i Oslo, som har ein snittpris per kvadratmeter på 40 424 kroner.

I den andre enden av skalaen finn ein til dømes Nord-Trøndelag, som har ein snittpris på under halvparten av den ein har i Oslo, nemleg 17 093 kroner per kvadratmeter.