Opposisjonen på Stortinget vil bruke inntil 350 millionar kroner på å gje støtte til familiar som tener mindre enn 180 000 kroner i året, opplyser Signe Øye frå Arbeidarpartiet.
Signe Øye, Ap.
- Derfor fremjar vi to forslag i samband med bustøtte, seier ho.
Det eine er at fleire barnefamiliar med låge inntekter skal kome inn under bustøtteordninga. Det andre at dei som får bustøtte i dag, skal få ei ekstrastøtte på inntil 2500 kroner.
Takle problemet
- Dette vil hjelpe dei som no får dei høge straumrekningane, til å kunne takle problemet, seier Øye.
Tiltaket rettar seg mot alderspensjonistar, uføretrygda, etterletnepensjonistar og barnefamiliar med låge inntekter.
- Vi trur dette er dei gruppene som kjem til å slite mest. Derfor meiner vi det er eit målretta tiltak som når dei som har det aller vanskelegast, seier Øye.
SV, Framstegspartiet og Senterpartiet seier at dei truleg kjem til å bli samde med Arbeidarpartiet om eit slikt forslag.
Tredobling
Regjeringa planlegg å gje 700 kroner i støtte, medan opposisjonen no vil tvingen gjennom ei tredobling av denne summen.
Forslaget frå regjeringa inneber ei samla ekstraløyving på 75 millionar kroner, medan forslaget frå opposisjonen er kostnadsrekna til mellom 300 og 350 millionar kroner, avhengig av kor mange som søkjer.
Etter planen skal hjelpa kome alt denne månaden.
- Dette hastar. Derfor har vi som mål at pengane skal liggje i postkassa innan denne månaden, seier Signe Øye.