Hopp til innhold

– Eg tenkte: «Kva no, Magnus?»

– Eg tenkte at det beste er å vere i live og å kjempe vidare, forklarte bedrageritiltalte Magnus Stangeland (Sp) om kvelden han fekk vite at han var innblanda i saka.

Bdrageritiltalte Magnus Stangeland

Bedrageritiltalte Magnus Stangeland seier han reiste til Oslo for å sikre seg at han gjorde alt rett. Her blir han flankert av forsvararane Svein Aage Valen (til venstre) og Hans Erik Haugaas (til høgre)

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Tidlegare statsråd Grete Knudsen (Ap)

Bedrageritiltalte Magnus Stangeland (Sp) ønskte å ikkje hamne i same situasjon som tidlegare statsråd Grete Knusen (Ap), som måtte seie frå seg stortingspensjonen.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX
Bedrageritiltalte Anders Talleraas

Stangeland er tiltalt for bedrageri saman med Anders Talleraas frå Høgre.

Foto: Roald, Berit / Scanpix

Stangeland avslutta si forklaring i Oslo tingrett, der han står tiltalt for grovt aktlaust bedrageri, med å fortelje om kvelden han fekk vite at han var innblanda i bedragerisaka.

Han var då i Stavanger og hadde fleire forretningsforbindelsar om bord i skøyta si.

– Eg flykta i ei drosje og sprang ut på eit nes, seier han.

Der sette han seg ned og tenkte «Kva no, Magnus?». Han seier vidare at han tenkte på Tønne-saka og på sonen sin, men at han kom på betre tankar.

– Eg tenkte at det beste er å vere i live og å kjempe vidare, seier han.

Styrehonorar og bil

Stangeland står hardt på at han fekk stadfesta at både styrehonorar og bil vart sett på som sporadisk inntekt. Han seier han fekk denne informasjonen frå sekretæren i pensjonsgruppa på Stortinget, Astrid Risnes.

– Etter samtalane med Risnes var det heilt klart at sporadiske inntekter ikkje skulle inn i inntektsgrensa, forklarte Stangeland.

Den tidlegare stortingspolitikaren forklarer at han hadde ei årslønn på 690.000 kroner frå firmaet Flyfisk, og i tillegg heva omlag 300.000 kroner årleg i pensjon, men at ein tredel av dette var frå ei privat pensjonordning.

Han forklarar at han prøvde å gjere alt korrekt i denne saka.

– Lærte av Knudsen

– Eg var veldig oppteken av å gjere alt rett etter å ha lese om Grete Knudsen, seier Stangeland.

Ho vart skulda for å bringe pensjonsordninga i vanry då ho måtte seie frå seg stortingspensjonen i 2003.

Stangeland fortel at han først tok kontakt med lønnskontoret på Stortinget, som han oppfatta som seriøst og profesjonelt.

– Eg ville vere sikker på å ikkje hamne i same situasjon som Knudsen, seier han.

– Enkel kar frå landet

Han forklarer at han hausten 2004 reiste til Oslo for å snakke med Risnes om 75-årsregelen, og at han var spesielt nøye med å snakke om bilordninga og styrehonorar.

– Og som ein enkel og grei mann frå landet, var ein munnleg avtale like god som ein skriftleg, seier Stangeland.

Han forklarar at det er årsaka til at han ikkje bad om skriftleg informasjon.

Risnes er ikkje samd i framstillinga og skal vitne i saka i morgon.

Ønskte lettare kvardag

Stangeland forklarer at han søkte om pensjon i 2004 fordi han var sliten etter å ha arbeidd i mange år, og at han ønskte seg en lettare kvardag.

Han hadde då ei sentral rolle i ei rekkje firma, fortel han, og legg til at både han og medtiltalte Anders Talleraas frå Høgre har starta og/eller vidareutvikla ei rekkje firma som har skapt mange arbeidsplassar.

Talleraas har tidlegare i dag forklart at han trudde den lukrative gullpensjonen var ein del av godtgjeringa for å vere på Stortinget.

Nektar straffskuld

Talleraas har også forklart at han ikkje trudde styrehonorar skulle påverke pensjonsutbetalingar.

Han viste til eit brev frå Statens pensjonskasse der det står at inntekter frå privat verksemd ikkje skal ha noko å seie for kor mykje ein skal få utbetalt i pensjon.

Han sa også at han kjende seg førehandsdømd i media, og at det har vore eit valdsamt trykk sidan han fekk vite at han var ein av dei seks tidlegare stortingspolitikarane som hadde fått for mykje i pensjon.

Fotograf Frode Fimland filmar skøyta til Magnus Stangeland inn Måløysundet.

Skøyta til Magnus Stangeland på veg inn Måløysundet i Sogn og Fjordane.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Både Stangeland og Talleraas nektar straffskuld , og meiner at dei er feilinformerte av Stortinget.

– Fekk klar beskjed

Førstestatsadvokat Elisabeth Roscher i Økokrim

Førstestatsadvokat Elisabeth Roscher i Økokrim.

Foto: Johan B. Sættem

Aktor, førstestatsadvokat Elisabeth Roscher i Økokrim, meiner Talleraas har fått klar beskjed om kvar inntektsgrensa gjekk.

Ho viser til ein handskriven lapp frå sekretæren i pensjonsgruppa i Stortinget, Astrid Risnes, der det står:

«..eg legg også ved eit utdrag frå handboka om pensjonane, og gjer merksam på at uttrykket "tilsvarande inntektsgjerande arbeide, betyr inntekt opptil 323.400 kroner"».

– 3 millionar for mykje pensjon

Saka mot dei bedrageritiltalte stortingsrepresentantane Magnus Stangeland (Sp) og tidlegare parlamentarisk leiar i Høgre Anders Talleraas starta tysdag morgon.

Dei to er tiltalte for grovt aktløyst bedrageri ved å ikkje opplyse om at dei hadde store inntekter ved sidan av stortingspensjonen.

Talleraas skal ha heva rundt 2,7 millionar kroner i styrehonorar i ei årrekkje. Også Stangeland fekk styrehonorar, fri bil og lønn frå Bergen Yards på til saman 536.000 kroner i halvanna år etter at han gjekk av.

Samla har dei ifølgje Økokrim heva meir enn 3 millionar kroner for mykje i pensjon frå Stortinget.

Tiltalte Talleraas Stangeland med forsvararne i retten

F.v.: Anders Talleraas, Hege Birkeland Ersdal (forsvarar for Birkeland), Svein Aage Valen (forsvarar for Stangeland) og Magnus Stangeland.

Foto: Roald, Berit / Scanpix