Hopp til innhold

- Helvete laust då namna kom ut

Anders Talleraas (H) meiner han er førehandsdømd av media. – Då namna på dei seks som skulle ha fått uriktig pensjon kom ut, var helvete laust, seier han.

Anders Talleraas meiner media har dømt han

Anders Talleraas meiner media har dømt han på førehand (bilete frå i går). I dag forklarer han seg i retten. Forsvarar Hege Birkeland Ersdal til høgre.

Foto: Roald, Berit / Scanpix

Bedrageritiltalte Anders Talleraas

Bedrageritiltalte Anders Talleraas i retten.

Foto: Roald, Berit / Scanpix
Bedrageritiltalte Magnus Stangeland

Bedrageritiltalte Magnus Stangeland i retten.

Foto: Roald, Berit / Scanpix

Talleraas er den første av dei to tiltalte i bedragerisaka som forklarer seg i retten. Han seier tida som har gått sidan saka vart kjend, har vore tung.

– Det har prega livet kvar dag i 2 år og 3 månader, seier han.

Talleraas meiner han er førehandsdømd i media.

– Då namna på dei seks som skulle ha fått uriktig pensjon kom ut, var helvete laust. Det har vore eit veldig trykk sidan, seier han ifølgje NTB.

Sjokk over radio

Talleraas forklarer at han var ute og køyrde bil då han fekk høyre at seks tidlegare stortingspolitikarar hadde fått for mykje i pensjon, og at han ikkje trudde at han sjølv var ein av desse.

Det kom som eit sjokk då han fekk høyre at han var ein av dei seks.

– Eg kjende meg tiltalt, omtalt og dømd i media før eg visste kva saka handla om, forklarar Talleraas.

Han seier han ikkje trudde at styrehonorar skulle påverke pensjonsutbetalingar og viste til eit brev frå Statens pensjonskasse der det står at inntekter frå privat verksemd ikkje skal ha noko å seie for kor mykje pensjon ein skal få utbetalt.

Beskjed på lapp

I går la Økokrim fram ein handskriven lapp, skriven av sekretæren for pensjonsgruppa i Stortinget, Astrid Risnes.

På lappen står det «eg legg også ved eit utdrag frå handboka om pensjonane, og gjer merksam på at uttrykket "tilsvarande inntektsgivande arbeid, betyr inntekt opptil 323.400 kroner"».

Førstestatsadvokat Elisabeth Roscher i Økokrim

Førstestatsadvokat Elisabeth Roscher i Økokrim.

Foto: Johan B. Sættem

Førstestatsadvokat Elisabeth Roscher i Økokrim meiner han derfor har fått klar beskjed om kva inntektsgrensa var.

Talleraas meiner likevel at det var feil med systemet som gjorde at han gav feil opplysningar.

– Desse opplysningane har dei site på i fire år. Det er eit eksempel på at systemet ikkje fungerte, seier han.

Sekretæren i pensjonsgruppa, Astrid Risnes, skal forklare seg torsdag.

– Må følgje reglane som alle andre

Aktor la også vekt på kva Talleraas dreiv med på Stortinget i 20 år - han var leiar av finanskomiteen, var parlamentarisk leiar i Høgre og var med å lage ein skattereform i 1992.

– Når han er med å skattleggje folk flest, ligg det eit spesielt ansvar på han å følgje reglane han har lagt på andre, seier ho.

Talleraas seier også at han fekk beskjed om at det berre var faste inntekter som skulle bli rekna i inntektsomgrepet, og at styrehonorar, møtegodtgjeringar og fri bil ikkje skulle reknast med.

– Eg fekk i samtalar med sekretæren for pensjonsstyret eit heilt klart inntrykk av at styrehonoraret ikkje skulle takast med. Dette var usikker og tilfeldig inntekt som ikkje var omfatta av inntektsavgrensinga, seier Talleraas.

– 3 millionar for mykje pensjon

Saka mot dei bedrageritiltalte stortingsrepresentantane Magnus Stangeland (Sp) og tidlegare parlamentarisk leiar i Høgre Anders Talleraas starta tysdag morgon.

Dei to er tiltalte for grovt aktløyst bedrageri ved å ikkje opplyse om at dei hadde store inntekter ved sidan av stortingspensjonen.

Talleraas skal ha heva rundt 2,7 millionar kroner i styrehonorar i ei årrekkje. Også Stangeland fekk styrehonorar, fri bil og lønn frå Bergen Yards på til saman 536.000 kroner i halvanna år etter at han gjekk av.

Samla har dei ifølgje Økokrim heva meir enn 3 millionar kroner for mykje i pensjon frå Stortinget. Begge nektar straffskuld .

– Stortinget feilinformerte

I går hevda forsvararane til Stangeland og Talleraas at det var dei tiltalte som var offer i saka, fordi dei var feilinformerte av Stortinget.

– Min klient, Magnus Stangeland blir skulda for å ha lurt Stortinget til å betale han pensjon. Men for han er saka snudd på hovudet. Stangeland er underinformert av pensjonsstyret, sa advokat Svein Aage Valen.

– Talleraas har halde seg til informasjonen han har fått frå pensjonsstyret i Stortinget. Om dette no viser seg å vere straffbart, så er han offer for den informasjonen, sa forsvararen til Talleraas, advokat Bjørn Stordrange.

Tiltalte Talleraas Stangeland med forsvararne i retten

F.v.: Anders Talleraas, Hege Birkeland Ersdal (forsvarar for Talleraas), Svein Aage Valen (forsvarar for Stangeland) og Magnus Stangeland.

Foto: Roald, Berit / Scanpix

Sekretær i pensjonsstyret, Astrid Risnes, avvsier at ho har feilinformert nokon om deira rettar og plikter. Førstestatsadvokat Elisabeth Roscher i Økokrim sa fleire gonger i sitt innleiingsforedrag at det ikkje skal gjelde andre reglar for stortingsrepresentantar enn for vanlige folk.