Ti berbare GPS-ar på den norske marknaden har fått køyrt seg skikkeleg i ein test Forbrukerrapporten har gjort i samarbeid med dei europeiske forbrukarorganisasjonane.
Går du på fjelltur med ein GPS i lomma, skal du kunne stole på at den gir deg sikre svar om posisjonen din uansett kva vêrforhold . Den må tåle både fall mot hardt underlag og å bli gjennomvåt.
Sjå i nett-tv:
Åtte berbare GPS-ar og to sportsur med innebygd GPS har blitt testa på mellom anna robust bruk, batterilevetid, kvaliteten på det innebygde kartet, brukarvennlegheit og skjermkvalitet.
Ingen av produkta får toppscore, og dei dyraste GPS-ane kjem dårlegast ut av testen.
Gode kart kostar ekstra
Styr unna denne. Garmin nüvi 500.
Foto: ForbrukerrapportenFelles for alle GPS-ane, er at dei innebygde karta er fine og oppdaterte på europeiske storbyar, men ikkje detaljerte og gode nok i norsk villmark.
Så det er anbefalt å investere i gode, norske kart som tilleggsprogramvare. Diverre kan dette fort koste like mykje som sjølve GPS-en.
Installasjonen av tilleggskart er plundrete på fleire av modellane, av di bruksanvisninga anten er mangelfull, eller berre henviser til produsenten si nettside.
Store skilnadar
Prisane på GPS-navigatorane i testen varierer mellom 2800 og 5500 kroner.
Testvinnaren, Garmin eTrex Vista HCx.
Foto: ForbrukerrapportenDet er store variasjonar i batterilevetid mellom dei ulike GPS-ane, så ein bør alltid ha med kart og kompass som backup. Dei fleste modellane nyttar vanlege AA-batteri.
I tillegg eignar desse berbare GPS-ane seg dårleg i bilen, grunna litt treige kartoppdateringar. GPS-en som er tilpassa bilen, tåler på si side lite vatn og krev mykje straum. Så her får ein ikkje i både pose og sekk.
GPS-ane blir stadig mindre, men dei aller minste har framleis klare svakheiter. Sportsura i testen har berre koordinatar i staden for kart, og eignar seg dårleg til turbruk.
Lavprisprodukt best i test
Til glede for dei med slunkne lommebøker, kjem den nest billigaste GPS-en klart best ut av testen, til ein pris på knappe 2900 kroner
Garmin eTrex Vista HCx har best batterikapasitet (10-25 timar), er enkel å bruke sjølv med vottar på, og eignar seg både på fottur og sykkeltur.
eTrex Vista HCx er ikkje den raskaste til å oppdatere kartet ved høg hastigheit, men scorar best både på GPS og kompass totalt, og på fysiske eigenskapar.
Pris dårleg rettesnor
På andreplass kjem Garmin GPSmap 60CSx til 4100 kroner.
Ei soleklar jumboplassering får Garmin nüvi 550 som kostar rundt 3700 kroner.
Og nest sist hamnar Magellan Triton 2000, som kostar nesten det doble av testvinnaren.
Sjå heile testen
!