Hopp til innhold

Dei verste hotella i verda er kåra

Reisenettstaden Trip Advisor har for sjette året på rad kåra dei verste hotella i verda, med hjelp frå turistane sjølve. Norske hotell følgjer med på kva gjestane skriv om dei.

Hotellrom

Vonde erfaringar frå hotellopphold verda over har ført til ei liste over dei verste hotella.

Foto: Nao Iizuka, creative commons, Flickr

Trip Advisor, som er den største reisenettstaden i verda, har lenge vidareformidla råd frå reisande til andre reisande.

No er 2011-lista over dei verste hotella i verda klar.

«Som ei fengselcelle»

På topp, eller skal vi seie på botn, i Europa ligg Club Aqua Gumbet i Tyrkia.

«Velkomen til steinalderen», «hotell frå helvete» og «som ei fengselcelle» er karakteristikkar frå reisande som seier noko om kvifor Club Aqua Gumbet har blitt kåra til det verste hotellet å bu på i Europa.

«Eg ville heller budd i ein telefonboks.»

Turist om Hotel Y Boulevard i Amsterdam, kåra til det sjuande verste hotellet i Europa. / Tripadvisor

På dei neste ni plassane på Europa-lista finn ein utelukkande hotell frå London, Amsterdam og Tyrkia.

– Kan ikkje styre det

– Vi følgjer med på det som blir skrive om oss, både på sosiale medier og nettstadar som Trip Advisor, men det er ikkje noko vi kan styre, seier Bjarte Gjerde, regiondirektør i Rica Hotels.

–Vi lar vere å kommentere det som blir skrive av kundane, men tek det til etteretning. Er det ting vi reagerer på, må vi gjere noko med det. Vårt fokus er heile tida på å gje kundane eit optimalt tilbod, seier Gjerde.

«Velkomen til steinalderen.»

Turist om det verste hotellet i verda, Club Aqua Gumbet i Tyrkia. / Tripadvisor

– Eit godt verktøy

– Det er veldig viktig for oss å få tilbakemeldingar frå gjestane, negative og positive, seier Angelica Montez de Oca, PR- og kommunikasjonsdirektør i The Rezidor Hotel Group i Norden, som blant anna eig Radisson Blu-hotella.

– Trip Advisor er eit godt verktøy for reisande og eit alternativ der dei ikkje gir tilbakemeldingar direkte til hotellet. Men på grunn av at ikkje alle kundane våre brukar Trip Advisor, sender vi også ut eigne spørjeundersøkjingar til gjestane våre, seier ho.

Ope forum

– Vi har ei eiga webavdeling som følgjer med på slike nettstadar, så vi brukar mykje tid på dette. Erfaringane frå slike nettstadar prøvar vi å bruke til å bli betre, forklarar Morten Thorvaldsen, administrerande direktør i Thon Hotels.

– For ei tid tilbake sidan opna vi ei teneste på nettsidene våre, slik at kundane kan dele erfaringar. Det er jo mogleg at det kan kome negative tilbakemeldingar, men vi meiner det er sentralt at kundane våre får eit slikt tilbod.

Følgjer med

– Når folk er på reise har dei forventningar og dei likar å dele opplevingane sine med andre etterpå. Vi må forvente dette med framveksten av dei nye sosiale media, seier Montez de Oca.

Ho fortel at The Rezidor Hotel Group følgjer med på kommentarane på nettstaden og handlar i forhold til det.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

TV og radio

Tuva oppdager at smågodtposen koster tolv kroner mer på én vekt enn på en annen – og nekter å la det passere. Så hun tar med seg Justervesenet for å finne ut hva som egentlig foregår. Der møter hun Gudbrand, en HELT som viser hvordan vektene kontrolleres. Han avslører en hemmelig knapp som kan endre prisen!
Kikertvannet er en vegansk eggehvite som kan brukes i desserter

Sjekk hva du kan lage istedenfor

Datingappene selger deg drømmen om kjærlighet. Men de tjener penger på at forblir singel og ensom.