Du som les denne saka vil sikkert sjå at NRK Nynorsk mediesenter sine nettsider har fått ny utsjånad. Og du har sjølvsagt heilt rett.
– Den gamle sida byrja å bli utdatert, og det har lenge vore eit ønske å få mediesenteret sine sider inn i NRK-universet på nett. No er vi endeleg der, seier leiar Rune Fossum Lillesvangstu.
Han er nøgd med dei nye sidene, og håpar at det no skal vere endå enklare å finne relevant informasjon om mediesenteret og praktikantordninga.
Den gamle nettadressa vil framleis fungere, men sjølve innhaldet er no å finne på informasjonssidene til nrk.no.
Målet med sidene er først og fremst at framtidige praktikantar skal kunne finne informasjon om tilbodet. Sidene rommar i tillegg ei forenkla oversikt over tidlegare praktikantar. Der vil dei siste ti kulla innehalde ein utvida presentasjon av praktikantane, medan det er ein kortversjon for dei eldre kulla. Nynorskprisen for journalistar har framleis ei eiga fane.