– Det var ein utruleg kjekk beskjed å få! Med ei sterk søkarliste er eg ekstra glad for at eg får denne moglegheita. Dagen etter var det ekstra kjekt å gå inn døra på Marienlyst, seier vossingen.
Djukastein var praktikant på kull 35, hausten 2021. Han hadde praksis i innanriks-redaksjonen på Marienlyst, og har sidan vore innom ei rekkje redaksjonar same stad.
– At vi under opplæringa ved NRK Nynorsk mediesenter lagde saker til TV, radio og nett var ein fordel for å bli hanka inn til andre redaksjonar og prosjekt. Og eg vart godt kjend rundt om. Det førebudde meg òg på vikariat i deskredaksjonen, der fleksibilitet og tilpassing har mykje å seie, meiner han.
Han har både bachelor- og mastergrad i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen, ispedd utvekslingsopphald i New York, Brussel, Antwerpen og Haag.
– Jobben er både spanande og krevjande, og eg ser fram til å lære mykje. Så synest eg personleg det er fint å vite at ein kan få fast jobb utan spisse olbogar.
– Bjørne er eit stort talent på mange område. Han beherskar dei fleste format og kastar seg uti alt frå direkterapportering til graving. I tillegg er han ekstremt språksterk og opptatt av formidling, seier redaksjonssjef for Dagsnytt, Elise Hazel Asbjørnsen.
Ho gler seg over å få ein så varm, ordentleg og solid mann som Bjørne inn på laget.
– Nattevaktene våre blir stadig viktigare. Dei må ta løpande etiske vaktsjefavgjerder og dekke ei enorm bredde av saker. Skal vi vinne nyheitskampen om morgonen er vi avhengige av at nattlaget har tatt dei riktige grepa ut av startgropa.
Trong arbeidsmarknad
Leiar ved NRK Nynorsk mediesenter, Rune Fossum Lillesvangstu, tok i mot meldinga om fast jobb med jubel.
– Det var vel fortent. Han er ein allsidig og dyktig journalist, og han er i tillegg ein solid nynorskbrukar. At han fekk napp på ei fast stilling er derfor veldig bra, seier Lillesvangstu.
Fleire mediehus og redaksjonar er inne i ei krevjande tid, med fleire kutt. Bransjen er van med bølgjedalar. No er det difor fleire unge og nyutdanna journalistar som møter ein krevjande arbeidsmarknad med erfarne søkjarar på søkjarlistene.
– Redaksjonar spør etter praktikantar og nynorskkompetanse, men når det kjem til faste jobbar har nålauget vore veldig trongt ei tid. Difor er tilsettinga av Bjørne ekstra gledeleg, seier leiaren for NRK Nynorsk mediesenter.
Om nokre veker gir Djukastein seg i kast med endå ei ny utfordring, noko han ser fram til.
– Eg har kosa meg mykje med å lage radiosaker, men ikkje enno hatt gleda av å lese Dagsnytt. Det ser eg fram til! Nynorsken er veldig viktig for meg, så eg håpar lyttarane tar meg godt imot.