Hopp til innhold
Info frå NRK

Få brukar nynorsk som prisvinnaren

Sjølv vinnaren av årets nynorskpris for journalistar har surra med nokre ord og teke seg språklege fridomar. At ho har landa og dermed kan vere rettesnor for normert nynorsk, gjer ho stolt.

Ingvild Bryn fekk Kultur- og likestillingsdepartementet sin nynorskpris for journalistar.

PRISVINNAR: Ingvild Bryn var tydeleg rørt og glad over å kunne ta i mot prisen på Aasentunet.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Eg må vedgå at eg opp gjennom åra har blanda a og e ending i infinitiv. No har eg landa på a- infinitiv som er det som ligg i Vosse-dialekta. Det er mest naturleg i min munn. Eg surra også litt med Noreg og Norge, sa Ingvild Bryn i sin takketale på Aasentunet.

Den kjende røysta frå Dagsrevyen vart møtt med stor applaus frå publikum då ho tok i mot Kultur- og likestillingsdepartementet sin nynorskpris for journalistar. Prisen blir kvart år delt ut til ein journalist som har utmerka seg med godt språk, og som gir nynorsken status og innpass på nye område.

Eg er stolt når eg høyrer eg er brukt som rettesnor av til dømes norsklærarar på vidaregåande. Eg er takknemleg dersom eg kan vere ein rollemodell for andre som den synlege nynorskbrukaren eg er, sa ho.

Sørgjer for språkglede for andre

Vossaklangen i stemma var tydelegare då ho takka, og ikkje minst då ho song og underheldt publikum med historier og språklege skråblikk, enn kva ein er vane med når ho er i TV-ruta.

Prisvinnar Ingvild Bryn får prisen frå juryen ved Solveig Barstad, Øystein Vangsnes og Jens Kihl.

Det var stor stemning då juryen delte ut prisen til Ingvild Bryn. Blomane får ho av juryleiar Solveig Barstad. Øystein Vangsnes og Jens Kihl sit også i juryen.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

For henne er den munnleg normerte nynorsken ein verdi i seg sjølv. Denne talemåten ligg så tett som råd opp mot gjeldande skrivemåte i motsetnad til dialekt. Bryn trur Dagsrevyen og Dagsnytt kan vere dei einaste stadene folk høyrer språket slik.

Folk kan la vere å lese nynorsktekstar på nettsidene til NRK og halde seg unna bøker av Jon Fosse og Olaug Nilsen. Men vil dei ha med seg nyhenda på Dagsrevyen då er det normert nynorsk dei høyrer. Det normerte språket gjev meg ei fast ramme og gjer meg konsekvent, sa ho og la til at ho sjølv brukar ordboka hyppig for å sikre seg at det ho seier er rett.

Den normerte nynorsken blir også framheva av juryen i deira grunngjeving.

«I ei tid der fleire og fleire av programleiarar og andre journalistar brukar dialekt som arbeidsspråk, kan Bryn halda det gåande utan manus med eit ledig og lett normert nynorsk time etter time på direktesendingar i NRK. Slik gjer ho det tydeleg og synleg at nynorsk kan brukast som nyheitsspråk om alt og til alle

Mange ville heidre prisvinnaren og understreke den gode jobben ho gjer for godt språk i NRK. I ei videohelsing frå kringkastingssjefen blei det framheva at Ingvild Bryn gjer ein stor innsats for språkutvikling og språkglede i NRK.

Eg har aldri møtt nokon med så glødande engasjement for språk generelt, og nynorsk spesielt, som Ingvild. Ho er styrt av ein ryggmergsrefleks og brennande vilje til å gjere NRK-språket betre, sa kringkastingssjef Wibeke Fürst Haugen.

Bryn er den 19. mottakaren av prisen, som er på 75 000 kroner og eit kunstverk.

Om prisvinnaren:

Ingvild Bryn er frå Voss og utdanna frå Høgskulen i Volda med faga media og kommunikasjon, nordisk og statsvitskap. Ho starta som journalist i Horda Tidend. I 1984 vart ho tilsett i NRK Hordaland. Ho har vore korrespondent for NRK i Stockholm og USA. Bryn har teke imot ei rekkje prisar for språket sitt, mellom andre Kringkastingsprisen, Alf Helleviks mediemålpris, Årets nynorskbrukar 2012 (saman med Arill Riise), Storegutprisen og Kringkastingssjefens språkpris.

Heile grunngjevinga frå juryen:

Årets vinnar av Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for journalistar er for tre generasjonar nordmenn eit lysande døme på korleis kvalitetsjournalistikk på talt nynorsk skal vera. For mange er ho sjølve nynorskrøysta med stor n.

I år kan Ingvild Bryn feira førti år som journalist i NRK. Det starta lokalt i Hordaland, men ho har sidan fare vide og vore utanrikskorrespondent i både Stockholm og Washington. Rollene har i desse tiåra vorte mange og varierte. Mellom anna leia Bryn i 1996 saman med Morten Harket Eurovision Song Contest-finalen – på verdsspråka engelsk, fransk og nynorsk.

Det er likevel Dagsrevyen som gjer at heile Noreg har eit forhold til Ingvild Bryn. Å løfta normert nynorsk og synleggjera det offisielle språket til hundretusenvis av nordmenn kvar dag er ein viktig del av NRKs samfunnsoppdrag. Ingvild Bryn er ein sterk pådrivar for dette. I ei tid der fleire og fleire programleiarar og andre journalistar brukar dialekt som arbeidsspråk, kan Bryn halda det gåande utan manus med eit ledig og lett normert nynorsk time etter time på direktesendingar i NRK. Slik gjer ho det tydeleg og synleg at nynorsk kan brukast som nyheitsspråk om alt og til alle.

Det finst mange grunnar til at journalistar driv med journalistikk. For Bryn har sjølve språket vore noko av det viktigaste. Ho er oppteken av at språket skal vera korrekt, klart og forståeleg. Det har ho arbeidd for både som utøvande journalist og i rolla som språksjef i NRK, i tillegg til mange år i Mediemållaget. Særleg for eit mindre nytta språk som nynorsk er det viktig med rollemodellar som held fana høgt for at språket skal vera framifrå.

Som språksjef var Bryn oppteken av å sjå heile landet, og ho reiste mykje rundt på distriktskontora. Ho skal ha sin del av æra for at nynorskprosenten i NRK er betre no enn før. Ingvild Bryn blir skildra som ein raus kollega som med godt humør villig vekk gir gode råd og handfast rettleiing til dei som ønskjer det, og til andre med.

For juryen har det vore ei sann glede og ei ære å vedta at Ingvild Bryn får Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for 2024.


NRK Nynorsk mediesenter er sekretariat for prisen.