Hopp til innhold
Info fra NRK

Etter to år i vikariat fekk Synne fast jobb i NRK

Synne Sørenes fekk den eine av to faste stillingar som var utlyst i NRK Vestland.

Synne Sørenes (t.h.) på jobb for NRK.

FEKK JOBB: Synne Sørenes (t.h.) fekk nyleg fast jobb i NRK. Her er ho på jobb saman med kollega Gerd Johanne Vatne Braadland i NRK Vestland.

Foto: NRK

– Det er veldig stas! Eg har heile tida vore førebudd på at det ville ta lang tid å få fast jobb, og at eg kanskje måtte innom fleire arbeidsplassar før det vart ein realitet, seier Synne Sørenes.

Har hatt ulike vikariat i to år

Sørenes var praktikant på kull 34 ved NRK Nynorsk mediesenter våren 2021. Ho hadde ekstern prasksis i NRK Vestland i Bergen, og sidan har ho hatt vikariat i den same redaksjonen. Etter to år har ho no fått fast jobb.

– Eg har stortrivest i NRK Vestland frå start av, og derfor er eg ekstra glad for at eg får fortsette å jobbe nettopp der så lenge eg vil, seier 29-åringen frå Bømlo.

Ho er glad for at ho har blitt så tatt godt imot i NRK Vestland, der ho allereie første sommaren var direkte på Dagsrevyen fleire gongar. Den same sommaren var ho produsent på radiosendingane og jobba med eigne saker som reporter. Ho måtte dekke nachspielskandalar på Brann stadion, bystyremøter og «alt mellom».

– Den sommaren er eit godt eksempel på korleis livet i ein distriktsredaksjon er; variert, spennande og veldig lærerikt. Og med veldig morosame kollegaer er det tidenes arbeidsplass, synest eg.

Kan fylle mange roller

Sørenes er av typen som kan fylle mange roller i ein redaksjon. I NRK Vestland har ho vore viktig både som reporter, programleiar og for ung-journalistikken. No ønsker ho å jobbe meir som nyhendereporter.

– Eg gler meg veldig til å få halde fram med å fortelle historier frå Vestlandet til heile Noreg. Spesielt synest eg det er spennande å få vere med på den digitale satsinga til NRK Vestland, og eg gler meg til å sjå kva vi kan få til i framtida, seier Sørenes.

Synne Sørenes har ein mastergrad i antropologi. I tillegg har ho tatt spansk-, språk- og kulturstudium, amerikansk litteraturhistorie og pedagogikk. Ho har budd fleire år i Nord-Amerika, hovudsakleg i USA, Costa Rica og Den dominikanske republikk.