Hopp til innhold
Info fra NRK

Dei første praktikantane i nynorskhuset er klare

Av 39 søkjarar er fem plukka ut til å bli del av kull 39. Dei tek til på opplæringa i flunkande nye lokale i august.

Kull 39 ved NRK Nynorsk mediesenter. Frå venstre: Ingrid Byggland, Jarand Aga Baas, Julie Haugen, Martin Værum Anda og Matilde Sunde Solsvik.

KULL 39: Dei fem som startar opplæringa i august er (frå venstre): Ingrid Byggland, Jarand Aga Baas, Julie Haugen, Martin Værum Anda og Matilde Sunde Solsvik.

Foto: NRK Nynorsk mediesenter

Det var mange gode søkjarar til kullet, og vi er godt nøgde med dei fem talenta som framover skal bidra til meir nynorsk i NRK, seier leiar Rune Fossum Lillesvangstu.

– Vi legg vekt på at praktikantane må vere nynorskbrukande og samfunnsorienterte menneske med sterk drivkraft. Det har vi funne i denne gjengen. Samstundes har dei med seg ulike erfaringar og kompetanse, og saman trur eg dette blir veldig bra, seier han.

Dei to første månadane skal praktikantane få innføring og opplæring i korleis lage saker til radio, nett og fjernsyn. Dei lærer også om direkterapportering, foto, video og redigering. I november og desember skal alt dei har lært ut i praksis på desken til NRK Vestland i Førde. Før dei blir sende vidare ut til andre redaksjonar i NRK for dei to avsluttande månadane.

Det er ein hestekur, men vi ser gong på gong at det fungerer, og at våre folk bidreg til å løfte mengda nynorsk i NRK på alle plattformer, seier Lillesvangstu.

Desse startar på NRK Nynorsk mediesenter hausten 2023:

Matilde Sunde Solsvik (23), frå Øygarden i Vestland
Solsvik arbeider i dag som ringevikar i avisa Vårt Land, der ho arbeider som fotojournalist. Ei oppgåve ho også gjer for studentavisa Universitas. Ho er inne i sitt siste år på ei toårig fotoutdanning ved Fagskulen Kristiania.

Dei siste åra har ho også drive som frilansfotograf, og ho vart i 2022 kåra til «Årets nykommar» og kom på førsteplass i «open klasse», under Pressefotografane si kåring av Årets bilete. Nynorsk er ei hjartesak for ho. I tillegg til ei rekkje frivillige verv har ho også arbeidd som barista, lærarvikar og kontorassistent på KFUK-heimen i London.

Martin Værum Anda (27), frå Finnøy i Rogaland
Anda har vore musikar, museumsformidlar, lærarvikar, lydteknikar og fiskar. No studerer han musikkvitskap ved Universitetet i Bergen. Der skriv han også for studentavisa Studvest.

Det siste året har Anda arbeidd med å hente fram att nynorsken, og han håpar han snart sit i ryggmergen att. Han har også studert historie og interkulturell kommunikasjon, og han har erfaring som låtskrivar og gitarist i band.

Julie Haugen (22), frå Hornindal i Møre og Romsdal
Haugen avsluttar sommaren 2023 ein bachelorgrad i PR, kommunikasjon og media ved Høgskulen i Volda. Gjennom studia har ho vore praktikant ved Innovasjon Norge sitt kontor i New York, og vore på utveksling ved Abat Oliba University i Barcelona.

Ho har vore presse- og informasjonssoldat i luftforsvaret, og i tillegg arbeidd med sosiale medium for Hornindal rundt og Ekstremsportveko på Voss. Haugen blir ekstra glad om ho får ein e-post på nynorsk.

Jarand Aga Baas (25), frå Ullensvang i Vestland
Baas kjem frå ein gard i Hardanger og arbeider i dag på heimlege trakter som omvisar og innhaldsprodusent for Aga Sideri. Han er også aktiv musikar og musikkjournalist for Evig Lyttar. Her blir han møtt med jubel for innhald på nynorsk.

Musikk er den store interessa for hardingen, som i tillegg til ein bachelorgrad i musikkteknologi frå NTNU også har gått musikklinja på Trøndertun folkehøgskule og arbeidd som omvisar på Rockheim. Baas har også produsert grafisk materiale for andre artistar.

Ingrid Byggland (33), frå Vinje i Telemark
Byggland har hatt ei journalistspire i seg i mange år, men ho utdanna seg til allmennlærar ved Høgskulen i Vestfold. Sidan 2019 har ho arbeidd som time- og kontakt lærar ved Rauland skule.

Ho er oppteken av at nynorsk skal vere eit skriftspråk, men ser på dialekta som ein sterk del av identiteten. Her vik ho ikkje, men ho kan nyansere seg. Byggland likar å ferdast høgt til fjells, og har vore på høge toppar mellom anna India og Russland. No ser ho fram til eventyret som ventar i Førde.

Startar i nytt hus i august

– Vi gler oss veldig til å komme i gang og bli betre kjende med dei fem praktikantane. Og denne gongen blir det ekstra spennande og inspirerande, for kull 39 blir det aller første som får vere praktikantar i splitter nye lokale i Nynorskhuset, seier Rune Fossum Lillesvangstu.

Kull 39 startar opplæringa i Førde 21. august og skal vere ferdige som praktikantar i februar 2024. Eva Marie Felde og Brit Jorunn Svanes blir faglærarar for kullet.