Hopp til innhold

Blinken avviser at USA var involvert i drapet på Hamas-topp

USAs utanriksminister Antony Blinken seier dei ikkje var innblanda i drapet på Hamas-leiaren Ismail Haniyeh.

– Dette er ikkje noko vi kjende til eller var involvert i, seier han til TV-stasjonen Channel News Asia i Singapore onsdag.

Haniyeh blei drepen i eit angrep i Irans hovudstad Teheran natt til onsdag.

Blinken seier det er avgjerande å få på plass ei våpenkvile på Gazastripa.

Haniyeh var involvert i samtalane mellom Hamas og Israel om ei mogeleg våpenkvile.

Ismail Haniyeh og andre menn viser fredstegnet og smiler mot kamera.

Hamas-leiar drepen – Iran varslar hemn

Natt til onsdag blei Ismail Haniyeh drepen i eit israelsk angrep i Irans hovudstad Teheran. Iran lover å svare «kraftig og smertefullt».

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no