Hopp til innhold

Vedum etter kommunebråket i sør: – I tråd med verdiane i Hurdalsplattformen

– Reaksjonane har blitt sterkare enn eg hadde trudd, seier senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum om dei sterke reaksjonane frå Kristiansand.

Sp-leder og finansminister Trygve Slagsvold Vedum med slipset i hånda på vei ut Stortinget på vårsesjonens siste dag.

KNUTE: Etter siste stortingsdag fredag losna Sp-leiar Vedum knuten og tok av slipset. Men på Sørlandet er det fleire knutar å løyse opp i.

Foto: Mats Rønning / NRK

– Det er nok litt nytt for nokon at ein skal vektlegge den folkelege meininga så sterkt som vi gjer, meiner Vedum.

Det har kome harde ord frå Kristiansand etter at regjeringa lova at innbyggarane i dei tidlegare kommunane Søgne og Songdalen skal bli høyrd i ei folkerøysting om dei vil rive seg laus.

For sjølv om Senterpartiet alltid har argumentert for at dei minste kommunane bør bli lytta til, så peikar regjeringa sitt fellesdokument Hurdalsplattforma på ein prosess der dei nye kommunestyra må vedta å søke om oppløysing dersom dette skal bli aktuelt.

I tråd med verdiane

Dette vart vurdert i nye Kristiansand kommune, men 1. desember i fjor sa bystyret nei til å søke om oppløysing.

I Politisk kvarter seier Vedum fleire gonger at oppløysinga av Kristiansand kommune er i tråd med verdiane i Hurdalsplattforma.

– Eg meiner vedtaket er i tråd med plattforma og de verdiane som står der.

– Gir Hurdalsplattforma eit fullstendig bilde av kva Sp og Ap har avtalt om oppløysing av kommunar?

– Nei, det gjer det ikkje. Her kom det ein søknad vi skulle behandle. Det handlar ikkje om avtalane, men om kvardagen. Her kom det ei sak som regjeringa måtte ta stilling til. Alt kan ikkje stå i ei plattform, det er ikkje mogleg.

Sjå Politisk kvarter her.

– Har Kristiansand misforstått regjeringsplattforma da?

– Dersom dei hadde lese i starten, står det tydeleg at tida for overkøyring av lokalsamfunn er forbi, svarar Vedum.

– Er det i tråd med prosessen som blei skildra i Hurdalsplattforma?

– Verda er ikkje alltid så enkel at ting kan svarast med ja eller nei. Hovudsporet har vi gjennomført. I tillegg har vi inndelingslova, og der står det klart at regjeringa kan, viss ein ønskjer, gå inn i enkelte tilfelle, seier Vedum om regjeringa si innblanding i Kristiansand.

– Vi seier at folk skal bli lytta til

Raseriet har vore mest framståande i Arbeidarpartiet. Ap-ordførar Jan Oddvar Skisland i Kristiansand har stilt spørsmål ved om partiet bør sitte i regjering med Senterpartiet.

Eg synest nokon av reaksjonane hoppar over det viktigaste; nemleg at vi seier at folk skal bli lytta til og at det skal vere ei folkerøysting, seier Vedum til NRK.

I dag reiser både statsminister Støre og Vedums eigen kommunalminister, Sigbjørn Gjelsvik, til Kristiansand for å prøve å dempe bølgjene på den elles så milde Sørlandskysten.

Gjelsvik møter kommunen, Støre må prate ut med lokalpartiet.

Eitt av mange spørsmål i dag, når Støre og Gjelsvik møter sinte lokalpolitikarar på Sørlandet, er om det er aktuelt for regjeringa å justere planen sin.

Det avviser senterpartileiaren.

Kan du vere villig til å gjere om på avgjerda for å hjelpe regjeringspartnar når du ser kva problem det skaper for Ap og statsministeren?

Det handlar om saka. Dette er ei fellesvedtak.

AKTUELT NÅ