Hopp til innhold

Tryglar eldre om å jobbe

Arbeidsgjevarane ber ein av fem seniorar om å droppe pensjonen og heller halde fram i jobben.

Professor Edvard Befring

Professor Edvard Befring har ingen planar om å slutte med arbeidet.

Foto: NRK

Det viser ei undersøking NAV har gjort blant 66-åringane i landet.

Vil ikkje slutte

Edvard Befring er 72 år og professor ved Universitetet i Oslo. Arbeidsgjevaren hans vil gjerne ha han i arbeid, og sjølv ynskjer han meir enn gjerne fortsetje i jobben.

- Å slutte med det faget og den forskinga eg har drive med i over 40 år, det har aldri vore aktuelt, seier han.

Befring held på med å lese korrektur på ei ny bok i spesialpedagogikk. Den kjem på toppen av dei tjue bøkene professoren har skrive gjennom ei lang yrkeskarriere.

Nyttig arbeidskraft

Statssekretær i arbeids og inkluderingsdepartementet, Jan Erik Sørstad, er glad for at arbeidsgjevarane i større og større grad nyttar kompetansen til seniorane.

- Det er positivt og forventa sidan det har blitt større mangel på arbeidskraft dei siste åra. Arbeidsgjevarane ser seg rundt etter arbeidskraft, og seniorane er ei god kjelde, seier han.

Frå nyttår kunne 66-åringar jobbe vidare utan avkorting av alderspensjonen frå folketrygda. Undersøkinga viser at fleire ynskjer å halde fram i jobben.

Opplever å bli støytte ut

Arbeidsgjevarane har blitt flinkare til å tilby seniorane arbeid, men har framleis ein lang veg å gå.

Arbeids- og velferdsdirektør Tor Saglie

Tor Saglie i NAV gler seg over resultata i undersøkinga.

Foto: Hauge, Jon / Aftenposten

- Nokre tilsette føler nok at dei blir støytte ut, og ein har framleis ein stor jobb med å påverke mange arbeidsgjevarar, men det er gledeleg at haldningane er i ferd med å endre seg, meiner arbeidsdirektør i NAV Tor Saglie.

Edvard Befring har ingen planar om å pensjonere seg med det fyrste.

- Det ville vere veldig dumt å kaste på båten alt det du har hatt glede av å arbeide med, seier han.

AKTUELT NÅ