NRK Meny
Normal

Terror-sikta sjokkerer ekspertane

Norske terrorekspertar er forbausa over at det er ein høgreekstrem nordmann, og ikkje internasjonale islamistar, som truleg stod bak gårsdagen terror-tragedie.

Kristian Berg Harpviken, direktør ved Institutt for fredsforskning

Kristian Berg Harpviken, direktør ved PRIO, Institutt for fredsforsking.

Foto: Kallestad, Gorm / Scanpix

Terrorekspert og direktør ved Institutt for fredsforsking (PRIO), Kristian Berg Harpviken, er overraska over at det truleg er ein norsk høgreekstremist som står bak gårsdagens terrorhandlingar som tok minst 91 menneskeliv.

– Ja, det er overraskande. Som så mange andre, mistenkte også eg at dette var internasjonal islamistisk terrorisme. Det er det dei fleste kommentatorar og tryggingsstyresmakter fokuserer på når det gjeld terror no, seier Harpviken.

– Internasjonal islamisme har også lagt hovudgrunnlaget for PST sine trugselvurderingar dei siste åra, legg PRIO-direktøren til.

Minst 91 drepne

Anders Behring Breivik

Anders Behring Breivik (32) vart pågripen fredag, og er sikta både for eksplosjonen i Oslo og massakren på Utøya.

Nordmannen Anders Behring Breivik (32) vart pågripen fredag kveld, og er sikta for både eksplosjonen i Regjeringskvartalet og den påfølgjande terroraksjonen på Utøya i Buskerud.

Minst 84 menneske vart drepne då den sikta skaut vilt rundt seg, kledd . I tillegg er sju menneske døde etter bombeeksplosjonen i Regjeringskvartalet i Oslo sentrum.

Gårsdagens massakre er truleg det verste åtaket i verda utført av ein person åleine, ifølgje NTB.

Terroråtaket er også det dødelegaste i Vest-Europa sidan tog-bombingane i Madrid i 2004, då 191 menneske vart drepne og over 1800 såra.

Video Eksplosjon i R4

Sjå video frå Regjeringskvartalet i Oslo sentrum like etter bombeeksplosjonen fredag. Regjeringskvartalet.

– Mange med ekstreme, fiendtlege haldningar

Video Helge Lurås om terroren

Helge Lurås er rådgjevar ved Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI).

Foto: NRK

Terrorekspert Helge Lurås er rådgjevar i Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI).

Han ser det også som oppsiktsvekkjande at ein norsk høgreekstremist er sikta for dei mest grufulle terroraksjonane som har råka Noreg sidan den andre verdskrigen.

– Dei organiserte, nynazistiske miljøa som blomstra her til lands på 1970- og -80-talet, er svekte. Men det finst jo likevel mange einskilde personar som er radikaliserte og har ekstreme, fiendtlege handlingar overfor innvandrarar og politikarar.

– Den sikta er ein nordmann som har kjørt radikalt ut det som har vore ein mainstream-haldning i det norske samfunnet lenge, blant anna grunna 11.september åtaket i USA og auka innvandring til Noreg.

eksplosjon regjeringskvartalet

Sju vart drepne, fleire alvorleg skadde og mange var i sjokk etter at ei bombe eksploderte i Oslo sentrum i går.

Foto: Bjørn Richard Watne

Me er sjølv skuldige

- Politiet i Noreg held dei islamistiske miljøa i Noreg under tett oppsyn. Har dei like god kontroll med høgreekstremistiske miljø?

– Det trur eg nok. Det har vore eit hovudfokus for PST i lang tid. Det er lettare for norske styresmakter å overvaka norske ekstremistiske miljø enn å komma inn under huda på islamistiske miljø.

Ifølgje Lurås vil konsekvensane av terroråtaket bli langt mindre og annleis no som det ikkje ser ut til å ha ei kopling til islamisme.

– Det internasjonale presset på Noreg vil bli langt mindre. Me er sjølv skuldige, på eit vis. Det blir vanskelegare for politiske grupper i Noreg å spela på innvandringsfrykt. Gårsdagens hending viser kva utslag det kan få å blåsa opp denne frykten.

Angrepet mot regjeringskvartalet

Ein kraftig bombeeksplosjon gjorde enorme skadar på bygg i Regjeringskvartalet.

Foto: THOMAS WINJE OIJORD / Afp
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger