Hopp til innhold

Studentsjefen er særs nøgd med krisepakka frå SV og regjeringa

Studentane dei store vinnarane etter semja mellom regjeringspartia og SV fredag kveld. No får dei 3000 kroner ekstra i stipend for å kunne betale den dyre straumen.

Tuva Todnem Lund står foran en rød vegg, har på sort genser og et sølvsmykke med anheng.

SÆRS NØGD: Tuva Lodnem Lund meiner det er svært bra at det no også blir sett av pengar til lågterskeltilbod innan psykisk helse for unge og studentar.

Foto: Skjalg Bøhmer Vold / Skjalg Bøhmer Vold

Regjeringa og SV har fredag kveld kome til semje om ein krisepakke på i alt 22 milliardar kroner for straum- og koronatiltak.

Blant anna får no studentar 3000 kroner som stipend til å betale høge straumrekningar. Dette kjem i staden for eit ekstra studielån.

Det følast veldig, veldig godt. Vi veit at dette er noko som har uroa mange studentar og som mange har følt på kroppen.

Det seier Tuva Lodnem Lund som er leiar i Norsk studentorganisasjon.

Dei har fremja klare krav til alle partia på Stortinget om ekstra støtte til studentane i vinter. Ho er nøgd trass i at dei 3000 kronene dei no får er ein eingongssum.

Det følast veldig fint på vegner av dei som no kan senke skuldrene og ha på lys og varme på heimekontora sine på hyblane. Dette har vore eit behov for mange og det følast bra at partia no har levert, seier Lund.

– Kraftfull pakke

Ap, Sp og SV blei fredag samde om å forlenge og forsterke fleire økonomiske tiltak for å dempe verknadene av smitteverntiltak og høge straumprisar.

20 milliardar er regjeringa sitt opphavlege forslag. No er det nær 2 milliardar i tillegg.

– Eg er svært glad for at vi no er samde om ein kraftfull pakke.

Det seier leiar i finanskomiteen på Stortinget, Eigil Knutsen frå Arbeidarpartiet.

Partia har forhandla om eit samla forslag frå regjeringa, som dekker både straumhjelp og tiltak for å bøte på dei økonomiske konsekvensane av smitteverntiltaka som blei innført før jul.

Pakken inneheld desse tiltaka:

  • Utvida lønsstøtte i februar: 300 mill.
  • Styrka lågterskel psykisk helse i kommunane: 100 mill.
  • Frivillige program for besøk og aktivitet for sårbare eldre: 20 mill.
  • Kompensasjon, billettinntekter kollektiv: 880 mill.
  • Førebyggande tiltak, psykisk helse blant studentar: 20 mill.
  • Tiltak mot vald og overgrep: 5 mill.
  • Ekstraordinær støtte til barne- og ungdomsorganisasjonar: 4 mill.
  • Auka straumkompensasjonen i bustøtta til 2500 kr: 256 mill.
  • Straumstøtte studentar, 100 % stipend: 282 mill.
  • Dette kjem i tillegg til pakken frå regjeringa på om lag 20 milliardar kroner.

Det har vore klare krav frå SV i forhandlingane om denne krisepakka. Dei har sett fram krav om styrking av velferda, med auka bemanning i skule, barnehage og helse.

Kari Elisabeth Kaski

GODT NØGD: Kari Elisabeth Kaski (SV).

Mykje meir til kollektivtransport

Senterpartiet framhevar 880 millionar meir til kollektivtransport som ein viktig siger i forhandlingane.

Rundt om i fylka slit mange med lågt belegg, ikkje minst på lokale og regionale bussruter.

No har vi fått på plass ei kompensasjonsordning som varer fram til 1. august. Det er noko av det vi er aller mest nøgde med, seier Geir Pollestad (Sp).

Kari Elisabeth Kaski (SV) er svært nøgd med at dei har fått gjennomslag for ei større satsing på å oppretthalde kollektivtilbodet rundt om i landet.

– Eg er veldig glad for at vi har meir enn dobla kompensasjonen for tapte billettinntekter som låg inne i forslaget frå regjeringa, seier Kaski.

AKTUELT NÅ