Hopp til innhold

Staten skrotar anonym jobbsøking: – Ikkje det resultatet me håpa på

Ny rapport viser at anonymiserte jobbsøknadar ikkje bidreg til at fleire innvandrarar får tilbod om jobbintervju i staten. Hoger Amin Karadaki trur det handlar om at arbeidsgivarar treng ei ny haldning til innvandrarar.

Hoger Amin Karadaki
Foto: Privat

I 2019 starta Kommunal- og moderniseringsdepartementet eit forsøk med å anonymisera jobbsøkarar i statlege verksemder.

Bakgrunnen for forsøket var at tidlegare undersøkingar har vist at det er mindre sjanse for jobbsøkarar med utanlandsk namn å bli kalla inn til intervju.

Forsøket var ein del av departementet sitt integreringsløft, og no er rapporten klar.

– Resultatet var ikkje det me håpa på, seier kommunal og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

Resultatet frå forsøket viser at ein høg andel med innvandrarbakgrunn faktisk kjem til intervju, uavhengig av om stillingane vart anonymisert eller ikkje.

Delen av innvandrarar som vart tilsett var høgast i dei stillingane som ikkje var anonymisert.

Går glipp av kompetanse

Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup sier det ikke gir mening å ha like regler for strandssoner over hele Norge.

STATEN: Nikolai Astrup ønsker at staten rekrutterer breitt for å få riktig kompetanse.

Foto: Håvard Hagen

Astrup trur det er fleire årsaker til at anonymiseringa ikkje fungerte, men at hovudårsaka er at staten allereie har tiltak som fungerer godt.

Mellom anna har dei ein regel om at minst ein jobbsøkar med innvandrarbakgrunn skal intervjuast.

– Me går glipp av mykje viktig kompetanse om me ikkje rekrutterer breitt, seier Astrup.

Ifølge Astrup må dei jobbe meir systematisk med mangfaldig rekruttering.

– Viss den norske befolkninga skal ha tillit til staten må han spegle befolkninga, seier han.

Staten kjem ikkje til å halde fram med anonyme søknadar, men vil fokusere på andre tiltak som kan ha betre effekt.

Han fortel at dei no skal lansere eit e-læringskurs for mangfaldsrekruttering for å bevisstgjere dei som jobbar med rekruttering i statlege verksemder.

Ikkje kraftig underrepresenterte

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at 14,9 prosent av befolkninga er innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre, medan dei i statlege stillingar utgjer 12,9 prosent. Dei er med andre ord ikkje kraftig underrepresenterte i staten.

I tillegg viser tala at i Noreg er 67 prosent av innvandrarar mellom 20 og 66 år i jobb. Tilsvarande for befolkninga elles er 79 prosent.

Ifølge integrerings- og mangfaldsdirektoratet er det fleire grunnar til at det er færre innvandrarar i jobb i Noreg. Diskriminering kan vere ein av grunnane.

Forsking har vist at søkarar med pakistanske namn har 25 prosent mindre sjanse for å bli kalla inn til jobbintervju enn med likt kvalifiserte søkarar med norske namn.

Treng ei ny haldning

– Arbeidsgivarar er ofte skeptiske til innvandrarar seier Hoger Amin Karadaki.

Han kom til Noreg frå Nord-Irak som 18-åring. I dag jobbar han som høgskulelektor på Høgskulen i Østfold.

Karadaki understrekar at det finst både diskriminering og rasisme i Noreg, og trur det trengst ei haldningskampane blant arbeidsgivarar både statleg og privat.

Karadaki håpar fleire kan vere meir opne og gje innvandrar ein sjanse.

– Innvandrarar har fleire gode ressursar som erfaring frå andre land og fleirspråkleg kompetanse, seier han.

Karadaki trur også at innvandrarar må ta meir ansvar og at han har hjelpt fleire med å rette på CV og jobbsøknadar.

Han meiner staten bør sette i gang tiltak som å hjelpe innvandrar i jobbsøknadsprosessen ved å mellom anna tilby hjelp til å skrive ein god søknad.

– Og innvandrar må ta i mot denne hjelpa og tore å vise jobbsøknaden sin, seier han.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger