Hopp til innhold

Staten blir deleigar i Norwegian

Den norske staten blir Norwegian største eigar med 6,4 prosent av aksjane. – Ikkje tatt noko aktivt val om å gå inn i flymarknaden, seier næringsministeren.

et stort fly som flyr på himmelen

FLYBRANSJEN? Den norske staten er no Norwegians største eigar.

Foto: Annika Byrde / NTB

Under koronaepidemien gav staten eit kriselån til flyselskapet Norwegian.

Lånet var eit konvertibelt lån, som innebar at det kunne gjerast om til aksjar til ein fastsett pris.

Det var ein del av redningspakken som blei gitt i mai 2021, i samband med restruktureringa av selskapet.

– Dette er eit resultat av at vi under pandemien gjorde ein redningsaksjon overfor Norwegian der fellesskapet stilte opp, seier næringsminister Cecilie Myrseth (Ap).

Lånet frå staten var avgjerande for at Norwegian klarte å overleve, ifølgje Petter Nystrøm, aksjeanalytikar i ABG Sundal Collier.

Næringsministeren smiler

Næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) seier at Noreg no sit med denne aksjeposten og at dei må sjå kva dei skal gjere med han.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

I staden for at Norwegian no må betale tilbake heile lånet, får staten ein eigardel.

Den norske staten er då Norwegians største eigar. Myrseth seier dette må sjå kva dei skal gjere vidare med aksjeposten.

– De er der berre for pengane, du er ikkje på veg inn i flybransjen?

– Nei, vi har ikkje tatt noko aktivt val for å gå inn i flymarknaden. Dette har vi gjort for å redde viktige arbeidsplassar under pandemien.

Staten tente på lån til Norwegian

Ifølgje Nystrøm har staten tent pengar på denne avtalen.

Staten gav eit lån på om lag 615 millionar, og får tilbake 862 millionar. Så dei har tent rundt 250 millionar, seier han.

Nystrøm peikar vidare på at staten no reduserer risikoen sin.

Dei reduserer eksponeringa, men kan framleis vere eigar i Norwegian. Så får staten vurdere om dei skal vere ein langsiktig eigar eller ikkje.

en mann i dress og slips

Petter Nystrøm, aksjeanalytikar i ABG Sundal Collier.

Foto: Moment Studio

Etter transaksjonen eig staten om lag 6,4 prosent av Norwegian.

Nystrøm meiner staten truleg vil opptre på same måte som andre aksjonærar og håpe på best mogleg utvikling i selskapet, slik at aksjekursen stig.

Ifølgje Norwegian sjølv var det selskapet som ønska denne løysinga.

– Vi er veldig godt nøgde med denne transaksjonen, det er ein veldig god transaksjon for Norwegian. Og vi er veldig godt nøgde med samarbeidet med staten over tid, seier finansdirektør Hans-Jørgen Wibstad til NRK.

AKTUELT NÅ