Solberg: – Om vi vil ha meir fridom raskare – då er dette vegen å gå

Statsministeren lanserte i ettermiddag den mykje omtalte smitteappen, som skal hjelpe styresmaktene med smittesporing. Appen vil gi oss meir fridom raskare, sa ho blant anna.

Daglig pressekonferanse om håndteringen av korona-pandemien

Bent Høie (t.v.) og Erna Solberg orienterte om den nye Smittestopp-appen på ein pressekonferanse i ettermiddag.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Statsminister Erna Solberg (H) bad på pressekonferansen i ettermiddag om at så mange som mogleg lastar ned den nye appen, som har fått namnet Smittestopp. Ho garanterte at appen ikkje blir brukt til å overvake om folk bryt dei gjeldande reglane.

– Appen vil ikkje erstatte det noverande smittevernarbeidet i kommunane, men skal vere eit supplement. Appen vil gjere det lettare for oss alle å bidra til å spore smitte, sa Erna Solberg då ho lanserte nyvinninga. Ho la til at dette er ei vidareføring av den dugnaden vi alle har vore med på dei siste vekene.

I nærleiken av ein smitta

Smittestopp

Slik ser Smittestopp-appen ut på telefonen.

Foto: Folkehelseinstituttet

Appen skal også kunne brukast til å varsle om app-brukaren har vore i nærleiken av nokon som er smitta av koronaviruset. Statsministeren forsikrar likevel at det er snakk om ei form for anonyme data. Ho gjorde det også klart at ho sjølv kjem til å laste ned appen, og at ho har fått dette godkjent av PST.

– Vi kan til dømes sjå kva som skjer med risikoen for smitte når vi gradvis startar med å opne samfunnet meir. Når fleire tek bussen, når fleire går til frisøren og når fleire følgjer til skule og barnehage, sa Solberg.

Appen er utvikla i samarbeid mellom Folkehelseinstituttet (FHI) og selskapet Simula Research. I tillegg til meir effektiv smittesporing, så skal appen bidra til også at vi betre kan følgje på utviklinga av pandemien.

– Appen skal vere så treffsikker at han kan brukast til å varsle oss på SMS om vi har vore i nærleiken av nokon som seinare har fått påvist koronaviruset, sa statsministeren. Dei neste vekene skal denne varslinga testast ut i samarbeid med utvalde kommunar, før ordninga blir innført i heile landet.

Ho understrekar kor viktig det er at dei som har vore i nærkontakt med ein smitta person, raskt får beskjed om dette.

Informasjon om Smittestopp-appen frå FHI.

Informasjon om Smittestopp-appen frå FHI.

– Mindre inngripande tiltak

Erna Solberg sa også at vi må rekne med smitteverntiltak som avgrensar kontakten mellom oss i lang tid framover, men at ho håper at tiltaka blir mindre inngripande etter kvart. Dei tiltaka vi har sett i verk, sa ho, er effektive, men svært inngripande for folk.

Daglig pressekonferanse om håndteringen av korona-pandemien

Statsminister Erna Solberg (H) lanserte den nye appen på ein pressekonferanse i ettermiddag.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– For å få samfunnet opp igjen er det fleire føresetnader som skal vere oppfylte, at vi får meir effektiv smittesporing og eit system for raskare og meir effektiv isolering av smitta, la ho til.

Solberg gjorde det klart at Smittestopp-appen berre har to formål, og ikkje noko meir. Det er å sikre meir effektiv smittesporing og bidra til at vi følgjer betre med på utviklinga av pandemien. Ho avviste at appen kan nyttast til overvaking av menneske i andre samanhengar.

Statsministeren presierer at det er frivillig å laste ned appen, men at det vil vere til god hjelp om så mange som mogleg gjer det.

Fleirtalet er positive

Helseminister Bent Høie (H) viste til ei måling som viser at 64 prosent av innbyggjarane er positive til å bruke Smittestopp-appen, medan berre 16 prosent er negative. Han synest det er bra at folk seier frå når dei er skeptiske, og at det er bra at mange er opptekne av personvern.

Bent Høie

Helseminister Bent Høie (H) opplyser at fleirtalet er positive til å ta i bruk appen Smittestopp.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Det har vore viktig for oss å gjere appen så sikker som mogleg. Vi har rådført oss med Datatilsynet under vegs, og departementet har fått hjelp av IKT Noreg til å opprette ei uavhengig ekspertgruppe som fekk i oppdrag å vurdere appen med eit kritisk blikk.

Ekspertgruppa har konkludert med at data i appen blei sende og vart lagra på ein trygg måte.

– Alle data i appen blir fortløpande sletta etter 30 dagar, og heile appen blir sletta i desember. Appen kan slettast når som helst av alle som har lasta han ned, og det vil innebere at alle data blir sletta, sa helseministeren.

Styresmaktene håpar at minst halvparten av oss vil laste ned Smittestopp-appen.

Kritiske røyster

Det har vore kritiske røyster til appen, blant anna frå Personvernrådet i EU. Dei meiner at smittesporings-appar som samlar inn posisjonsdata, opererer i strid med prinsippet om dataminimering.

Datatilsynet har også vore skeptiske, og dei har gjort det klart at dei ventar reaksjonar frå brukarar.

Helsestyresmaktene har på si side sagt at dette er eit verktøy som er heilt naudsynt for effektiv smittesporing.

På grunn av at mange har lasta ned appen i ettermiddag, har det vore store problem med å registrere seg .

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 01.12.2021
17 082
Smittede siste 7 dager
257
Innlagte
1 092
Døde
4 229 770
Vaksinerte

SISTE NYTT

Siste meldinger