Hopp til innhold

Slik har vi arbeidd med å få ut lydloggane

Det har tatt NRK eitt og eit halvt år å få innsyn i lydloggane frå trippeldrapet i Årdal. NRK har no fått utlevert lydloggane, mot Helse- og omsorgsdepartementet sin vilje.

Lydlogg - Helse- og omsorgsdepartementet

30-40 DOKUMENT: Klagesaka har pågått i rundt eitt og eit halvt år og består av ein stad mellom 30 og 40 dokument.

Foto: NRK

6. november 2013, to dagar etter trippeldrapet, søkte NRK om innsyn i lydloggane frå AMK-sentralen i Helse Førde. Det er ikkje noko nytt at gravande journalistar i sak etter sak har til dels store problem med å få tilgang til offentlege dokument.

I denne saka tok det oss eitt og eit halvt år å få utlevert lydfilene.

Kritikk for å ikkje varsle politi og brannvesen

Trippeldrapet om bord i Valdresekspressen i Årdal er ei av dei mest alvorlege hendingane i Noreg etter terroren 22. juli 2011. I kjølvatnet av all beredskapskritikken etter terroråtaket i 2011, ville vi finne ut mest mogleg om korleis naudetatane handterte hendinga på Valdresekspressen.

Vi søkte difor tidleg innsyn i lydloggane – altså alle opptak av samtalane som gjekk inn og ut av AMK-sentralen denne dagen. Det blei ein lang og tidkrevjande prosess.

I mellomtida har NRK avdekka følgjande saker:

På bakgrunn av opplysningane som kom fram i media, valte Fylkeslegen i Sogn og Fjordane å opprette tilsynssak. Det endte med kritikk. Fylkeslegen ga AMK Førde kritikk for å ikkje ha varsla dei andre naudetatane under hendinga i Årdal, men også i fleire andre hendingar.

Laster innhold, vennligst vent..

– Lydlogg er ikkje eit «oppretta dokument»

Ein lydlogg er omfatta av offentleglova. Ein kan difor søkje om innsyn i den. Helse Førde avslo NRKs første innsynkrav. Vi klaga, men fekk på nytt avslag.

Vi sendte saka deretter til Helse- og omsorgdepartementet som er klageinstans, men også der fekk vi avslag. Ein av grunnane at dei meinte at opplysningane i lydloggen var underlagde teieplikt.

Helse Førde meinte i utgangspunktet at NRK ikkje hadde høve til å be om innsyn i lydloggane: «Helse Førdes prinsipale standpunkt er etter dette at AMK`s lydlogg ikke er å anse som et oppretta dokument i offentleglovas forstand, og følgelig kan ikke offentleglova påberopes som grunnlag for innsyn» (Brev av 26. november 2013).

Helse Førde meinte også at lydloggane var å sjå på som eit «organinternt dokument», og at dei såleis ikkje kunne utlevere dei.

«Nærværende sak har stor allmenn interesse»

Vi sendte ein klage til Sivilombodsmannen, og kobla etter kvart på NRKs advokatar for å få innsyn i lydloggane.

Ombodsmannen starta undersøkingar i saka. Han slo fast at «departementets vurderinger og konklusjoner fremstår som uklare» (Brev av 11. april 2014).

NRK meiner saka har stor offentleg interesse, noko vi også argumenterte for i innsynskravet:

«Det minnes om at trippeldrapene på Valdresekspressen - og hvordan denne dramatiske hendelsen ble håndtert av nødetatene - har svært stor allmenn interesse. Når tre uskyldige personer blir brutalt knivdrept på en buss, er det i seg selv en sak av stor allmenn interesse. Når det i tillegg er stilt spørsmål ved - og avdekket kritikkverdige forhold ved - nødetatenes arbeid i denne konkrete saken, understreker det ytterligere sakens store allmenne interesse. Slike dramatiske hendelser er egnet til å skape frykt i befolkningen, og det har svært stor allmenn interesse å få vite hvordan nødetatene har fungert i en slik situasjon. Saken handler om allmennhetens tillit til samfunnets organer som er satt til å håndtere slike situasjoner, og er således i kjerne av pressens vaktbikkjefunksjon», skriv NRK i eit brev til ombodsmannen 19. juni 2014.

Omlag ein månad seinare, 9. mai, endrar Helse- og omsorgsdepartementet meining og gir NRK delvis innsyn i ein transkribert versjon av lydloggen, altså ei avskrift av det som blir sagt:

«Ut ifra en konkret vurdering av denne lydloggen, har Helse- og omsorgsdepartementet kommet til at det kan gis delvis innsyn i denne aktuelle lydloggen. De delene av lydloggen som er unntatt, er unntatt med hjemmel i offentlighetslovens § 13. jf helsepersonellovens § 21».

Dette klagar NRK på, sidan vi ikkje har bede om innsyn i ei avskrift av lydloggane, men sjølve lydfilene.

Sendte 73 lydfiler til politiet

I klagesaka påstod departementet at alle samtalane i lydloggen er ei lydfil og at lydloggen må vurderast som eitt «dokument». Dei meinte då at NRK ikkje kan få innsyn, fordi loggen enkelte stader inneheld teiepliktige opplysningar.

NRK meinte at kvar einskild samtale må vurderast som eitt «dokument», og krevde at departementet sladdar opplysningane som er teiepliktige.

I klagesaka påstår departementet også at dei ikkje har teknisk løysing for å hente ut og klippe i lydloggane, og at det vil vere «urimelig arbeidskrevende» å skilje ut dei teiepliktige opplysningane frå lydfilene.

Dette stod i direkte motstrid til det NRK fann ut med litt enkele undersøkingar:

I postlistene til Sogn og Fjordane politidistrikt fann vi ut at Helse Førde hadde utlevert 73 lydfiler «på vedlagt DVD-plate» til politiet. Dermed eksisterte det fleire lydfiler – altså ikkje bare ei – i tillegg til at dette var eit bevis på at lydloggane ikkje lenger kunne vurderast som eit «organinternt dokument» som kan brukast som grunn for å nekte innsyn. Politiet hadde jo fått lydfilene.

Bussdrap i Årdal

TRIPPELDRAP: Tre personar blei drepne om bord i Valdresekspressen 4. november 2013.

Foto: Øyvind Bye Skille

Ville ikkje lytte til Sivilombodsmannen

14. november 2014 kom sivilombodsmann Aage Thor Falkanger med følgjande konklusjon:

«Det knytter seg flere svakheter ved departementets vurdering av innsynsspørsmålet».

Han slo fast at departementet ikkje har «godtgjort i tilstrekkelig grad at det vil være urimelig arbeidskrevende å skille ut de taushetsbelagte opplysningene fra lydfilene fra AMK-sentralens lydlogg. De ulike lydfilene fra lydloggen må videre anses som flere dokumenter, og offentleglova § 12 bokstav b gir ikke hjemmel for å unnta de lydfilene som ikke inneholder taushetsbelagte opplysninger».

Men departementet ville ikkje høyre på ombodsmannen:

«Helse- og omsorgsdepartementet er ikke umiddelbart enig i denne vurderingen» (5. januar 2015).

Dei ville ikkje utlevere lydloggen – trass Sivilombodsmannen sin konklusjon.

NRK tilbydde seg å betale for lydteknikar

21. januar 2015 tilbydde NRK seg å bistå Helse Førde med lydteknikar, eller å betale for ekstern hjelp for å hente ut lydfilene, sidan helseføretaket argumenterte med at dei ikkje fekk det til.

Vi innhenta også dokumentasjon på kva krav helseføretaket hadde stilt til leverandør av telesystem og lydlogg. I dokumenta NRK fann vart det understreka at det skal vere mogleg å hente ut lydfiler. Helseføretaket hadde stilt krav til dette:

  • «Søk og avspilling av innspilte samtaler skal være mulig, for alle AMKs arbeidsplasser (operative og administrative) via en applikasjon som kan distribueres via nettverket».
  • «Det skal være mulig å kopiere en lydfil fra lydlogg-applikasjonen for overføring og avspilling på et standard windows ps format. Det skal være mulig å lagre filtrerte lydfiler, oppgaver for systemadministrator».
  • «Lydfilene skal kunne lagres på nettbasert lagringsmedium».

Dette konfronterte vi helsevesenet med. Prosessen drog framleis ut i tid. Vi fekk ikkje lydfilene.

«Ikke tilfredsstillende»

11. mars 2015 kom Sivilombodsmannen med følgjande konklusjon:

«En begjæring om innsyn i en lydfil kan (...) ikke besvares ved at innsyn «gis som en utskrift av lydloggen», slik departementet synes å legge til grunn i brevet 3. februar 2015».

«Helse- og omsorgsdepartementets oppfølging av ombudsmannens uttalelse har ikke vært tilfredsstillende».

«At departementet ikke gjør nødvendige undersøkelser når ombudsmannen ber om en ny vurdering, er lite tilfredsstillende».

Sivilombodsmannen uttalte også at departementet må forhalde seg til gjeldande rett:

«Slik ombudsmannen ser det, har imidlertid departementet fortsatt ikke forankret sitt standpunkt rettslig. Det er således ikke godtgjort at vilkårene i Offentleglova § 12 bokstav b er oppfylt».

«Det bemerkes for øvrig at unntak fra hovedregelen i Offentleglova § 3 om at saksdokumenter er offentlige, krever hjemmel i lov. At departementet har en «fast praksis» på å unnta opplysningene, er ikke et tilstrekkelig hjemmelsgrunnlag».

Dei understreka også rolla til Sivilombodsmannen:

«Som kjent er ikke ombudsmannens uttalelser rettslig bindende. Det er likevel grunn til å minne departementet om at Stortinget har forutsatt at forvaltningen retter seg etter ombudsmannens uttalelser».

Til slutt valde departementet å utlevere lydloggane – eitt og eit halvt etter første innsynsbegjæring.

AKTUELT NÅ