NRK Meny

Sjå opp for billig-kirurgi i utlandet

Hundrevis av nordmenn legg seg kvart år på utanlandske operasjonsbord. Prisen er låg, men baksmellen kan bli stor.

Laseroperasjon
Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Kilde: NRK

Artikkelen er flere år gammel.

Stadig fleire nordmenn reiser til utlandet for å ta laseroperasjonar, slankeoperasjonar, nytte seg av kosmetisk kirurgi eller få fiksa på tennene.

Prisane på operasjonane er ofte halvparten av i Noreg. Ein kan spare mange tusenlappar, men samtidig kan ein få ei lei overrasking.

- Tenk deg godt om

Det danske forbrukarrådet går i ei pressemelding ut med ei rekkje forholdsreglar ein bør ta dersom ein vurderer å ta ein operasjon utanfor landegrensene.

- Ein må tenkje seg godt om. Prisen kan vere svært freistande, men der er mange ting ein skal ta høgde for dersom ein vel å bli operert i utlandet, seier sunnheitspolitisk medarbeidar Sine Jensen.

LES: Sjekkliste før laseroperasjonen

Dersom operasjonen i utlandet går gale, må ein setje seg inn i klage- og erstatningslovane i det aktuelle landet. Det er ikkje alltid like enkelt.

LES: Laserskader kan repareres

Dessutan kan det bli svært dyrt å kome seg heim att. Ordinære reiseforsikringar dekkjer ikkje helsereiser.

Mange har behov for nøye oppfølging etter operasjonane, og pasientane er ikkje sikra plass i behandlingskøen når dei kjem tilbake til Noreg.

- Kan bli villeia

Det er alltid ein viss risiko rundt laseroperasjonar og plastikkirurgiske inngrep, anten operasjonane skjer i utlandet eller i Noreg.

LES: Laseroperasjonar øydelegg auge

LES: - Eg var livredd for å miste synet

Ifølgje den norske pasientlova har pasientane krav på å bli informerte om moglege risikoar ved kirurgiske inngrep. Dette gjeld ikkje nødvendigvis i landa som tilbyr billige operasjonar.

- Forbrukarane kan risikere å bli villeia til å gå gjennom operasjonar som dei ikkje hadde vald dersom dei kjende til risikoen, seier Jensen.

Pakkereiser til utlandet

Fleire reisebyrå tilbyr skreddarsydde helsereiser til utlandet.

I løpet av to år har det danske KirurgiRejser sendt om lag 600 nordmenn til utlandet. I juli opnar byrået ei norsk avdeling i Trondheim.

- Vi opplever svært stor interesse frå nordmenn. Slankeoperasjonar er spesielt populære, men augekirurgi, plastisk kirurgi og kreftbehandling med genterrapi er også etterspurt, seier administrerande direktør Atef El-Kher til NRK.

Om lag 2000 nordmenn har nytta seg av tilbodet til Tannreiser.no sidan byrået starta opp i 2006. Byrået sender mellom 100 og 150 nordmenn avgåre til Budapest kvar månad.

- Den fyrste tida sendte vi ganske få per månad, men talet har auka månad for månad sidan oppstarten, opplyser eigar og drivar Magnar Varsi.

Skeptiske kundar

Dessal Norge tilbyr hovudsakleg tanntenester og laseroperasjonar i utlandet. Byrået har sendt mellom 200 og 250 pasientar til utlandet til no i år, og merker aukande pågang.

- Nordmenn innser i stadig større grad at behandlingstilboda i utlandet heldt eit svært høgt fagleg nivå, fortel dagleg leiar Igor Salai.

Han meiner betre helseforsikringar og meir seriøse aktørar har ufarleggjort helsereisene til utlandet.

- Vi merker likevel litt skepsis blant norske kundar, men dei fleste som tek kontakt med oss vel å reise, seier Salai.

LES: Øye-ekspert svarte leserne

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger