Oljeleitingsfartøyet "GECO Trinton" blir etterforska av politiet etter fleire episodar i Nordsjøen sist veke.
Det var ein fiskerikyndig om bord som varsla om at skipet ikkje brydde seg om fiskeriaktivitet i området.
Han skal då ha blitt forsøkt hindra i å rapportere om episodane.
Ole Damm Kvilehaug i Fiskeridirektoratet Sør seier at dei for nokre dagar sidan fekk ein telefon frå den firskerikyndige om bord i fartøyet.
- Han rapporterte om at det hadde vore nokre episodar i det aktuelle området, seier Damm Kvilehaug.
Sør for Gullfaks
"GECO Trinton" hadde fått løyve til å skyte med seismikk like sør for Gullfaks og sør for Huldra i Nordsjøen.
- Den fiskerikyndige fortalte at det hadde vore fleire episodar der fiskeriaktivitet hadde blitt hindra og vanskeleggjort. Det var bakgrunnen for samtalen, seier Damm Kvilehaug.
NRK har snakka med den fiskerikyndige, som ikkje vil la seg intervjue. Men han stadfestar at han prøvde å stogge seismikkbåten frå å skyte i nærleiken av fiskebåtane.
Fleire kjelder opplyser og til NRK at mannen vart forsøkt stogga då han ønskte å fortelje om episodane.
Dette har og Fiskeridirektoratet fått vite.
- Vi har høyrt uttalt at den fiskerikyndige har vore sett under eit visst press for å tilpasse rapporten sin. Men dette er ikkje noko eg kan stadfeste, seier Damm Kvilehaug.
Møte om seismikk
- Dette stadfestar at det er cowboy-tilstandar på enkelte av seismikkfartøya, seier formann Reidar Nilsen i Noreg Fiskarlag.
Foto: Norges FiskarlagNoreg Fiskarlag skal i morgon møte både fiskeriminister Helga Pedersen og olje- og energiminsiter Terje Riis-Johansen. Tema for møtet er seismikk.
- Dette er mildt sagt med på å aktualisere møtet, seier formann Reidar Nilsen.
- Det stadfestar det vi har sagt over lang tid, at det er cowboy-tilstandar på enkelte av desse seismikkfartøya, seier Nilsen.
Fleire konfliktar
NRK veit og at det eine fiskerifartøyet, som framleis er i fiske i Nordsjøen, har bestemt seg for å melde hendinga til politiet. Politiet i Bergen stadfestar og at dei har starta etterforsking.
Oljebransjen og fiskarane har vore i konflikt fleire gonger i sommar. Den siste var seinast for nokre veker sidan, då Fiskeridirektoratet ikkje vart lytta til.
I 11 ulike område sa direktoratet nei til skyting med seismikk fordi det ville kome i konflikt med fiskeriaktiviteten.
Episoden med "GECO Trinton" skjer no i eitt av desse områda.