Hopp til innhold

Riksadvokaten støttar avkriminalisering ved bruk av mindre mengder narkotika

Riksadvokat Jørn Sigurd Maurud går langt i å støtte avkriminalisering av bruk og oppbevaring av mindre mengder narkotika. Han meiner dagens politikk ikkje har hatt ønskt effekt.

Hasj

HASJ: Rusreformutvalet foreslo denne veka å ikkje straffefølgje personar med brukardosar med narkotika på seg.

Foto: Sara Johannessen / NTB scanpix

Denne veka foreslo Rusreformutvalet å avkriminalisere enkelte brot på narkotikalovgjevinga.

Utvalet foreslår å gå bort frå å melde og straffeforfølgje personar som blir tatt med brukardosar med narkotika på seg.

I staden skal dei bli pålagt eit møte med hjelpetenesta i kommunen med tilbod om frivillig hjelp og behandling. Det blir likevel ingen sanksjonar dersom ein ikkje møter opp.

Dette er eit forslag Riksadvokaten støtter på fleire område.

Jørn Sigurd Maurud

Riksadvokat Jørn Sigurd Maurud meiner dagens narkotikapolitikk ikkje har hatt ønskt effekt.

Foto: NRK

– For meg så er det jo berre å gå femti meter ned i gata, og så kan eg sjølv sjå at vi ikkje nødvendigvis berre har suksesshistorier å vise til når det gjeld narkotikapolitikken i Noreg, seier Jørn Sigurd Maurud til NRK.

– Her er det grunn til å tenke annleis, seier han.

– Kan vere svært farleg

Norsk Narkotikapolitiforening er samd i at tunge rusmisbrukarar skal få betre hjelp, men meiner likevel at forslaget som Rusreformutvalet kjem med kan vere svært farleg.

– Nokre land som har avkriminalisert, har opplevd auka bruk og lågare debutalder. Nokon har ikkje, seier Jan Erik Bresil, styreleiar i NNPF til NRK.

Jan Erik Bresil i Norsk narkotikapolitiforening

Jan Erik Bresil er styreleiar i Norsk Narkotikapolitiforening er redd for at det nye forslaget kan gjere det lettare for unge å prøve narkotika.

Foto: Norsk Narkotikapolitiforening (NNPF)

Han meiner derfor måten ein eventuelt avkriminaliserer narkotika på, er svært viktig.

– Vi meiner at forslaget som finst her er svært farleg. Noreg har hatt altfor mange overdosar, og det er altfor mange tunge rusavhengige som treng hjelp.

NNPF meiner at ein generell avkriminalisering kan bidra til at det blir vanskelegare å stoppe narkotikarekruttering blant unge.

– Når det gjeld dei unge, så er vi i Europatoppen på minst bruk av narkotika. Og dette her set alt det i ein stor risiko, seier Bresil.

Skal ikkje innebere legalisering

Helseminister Høie understrekar at forslaga til utvalet ikkje inneber ei legalisering av narkotika.

Det skal derfor framleis vere forbode å selje narkotika, og politiet skal framleis beslaglegge og reagere på narkotikabruk.

Bent Høie

Helseminister Bent Høie (H) understrekar at forslaget Rusreformutvalet kjem med ikkje handlar om å legalisere narkotika.

Foto: Lill Christin Ludvigsen / NRK

Forslaga frå Rusreformutvalet skal no ut på høyring, og Høie seier han har ambisjonar om at rusreforma skal gjennomførast i løpet av inneverande stortingsperiode.

Venstreleiar Trine Skei Grande kallar reforma for «den viktigaste sosialpolitiske reform i moderne historie», ifølgje NTB.

Også SV og Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) roser forslaga.

Bekymra for at fleire vil bruke narkotika

I ei undersøking gjennomført av Sentio på vegner av Actis, kjem det fram at 70 prosent av dei tusen spurde trur fleire vil prøve alvorlege rusmiddel dersom det ikkje får ein konsekvens at ein bruker det.

– For at det skal vere eit reelt forbod, må det få konsekvensar å bryte det. I modellen som er foreslått, ligg ingen slike konsekvensar, bortsett frå eit frivillig oppmøte hos eit kommunalt rettleiingsråd, skriv leiar i actus, Pernille Huseby i ein e-post til NTB.

Pernille Huseby i Actis

Pernille Huseby i Actis synest ikkje det nye forslaget er ei god løysing på dagens narkotikaproblematikk.

Foto: Truls Aagedal / NRK

Ho peikar på at dette ikkje er ei god nok løysing, og er bekymra for at forslaget kan gjere at fleire vil bruke narkotika.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger