NRK Meny
Normal

PST er svært uroa for «copycats»

Det er fare for at andre ekstremistar vil kopiera terrorhandlingane til Anders Behring Breivik på norsk jord, seier sjefen for Politiets tryggingsteneste (PST).

Beredskapen i Oslo og på Utøya den 22.juli

PST fryktar nye soloterroristar som lét seg inspirera av dei grufulle terrorhandlingane til Anders Behring Breivik.

Foto: Montasje / NRK / Scanpix

Janne Kristiansen

PST-sjef Janne Kristiansen.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Dei grufulle terrorhandlingane som soloterroristen Anders Behring Breivik stod bak den 22.juli i fjor, har ikkje fått PST til å auka trugselvurderinga av høgreekstreme og antiislamistiske grupperingar i Noreg.

Det er likevel ein fare for «copycats» som opererer på eigahand, seier PST-sjef Janne Kristiansen til NRK.

– Me er svært uroa for at enkeltpersonar frå alle ekstremistiske grupperingar skal kopiera Breivik og utføra soloterrorisme, fortel Kristiansen.

Manifestet som terror-oppskrift

Trugselen frå nasjonale ekstremistar aukar, men er framleis låg, opplyser PST i Trugselvurderinga for 2012 som blei presentert tysdag. Ekstrem islamisme er og blir den største terrortrugselen for Noreg.

Ei viktig årsak til at PST ikkje vurderer nasjonal ekstremisme som ein overhengande trugsel, er at desse miljøa i Noreg er uorganiserte og manglar samlande leiarar.

– Me ser ingen klare leiarfigurar eller ei klar plattform for felles ideologi hjå antiislamistar og høgreekstreme her i landet, seier Kristiansen.

Terroren 22.juli har likevel vist ein person som har intensjonar om å utføra terror ikkje er avhengig av ein større organisasjon med eit sterkt leiarskap for å kunne gjennomføra ein slik ugjerning.

– Me har heilt sidan 22.juli påpeika faren for såkalla copycats, folk som blir inspirerte av det som har skjedd. Det eksisterer også eit manifest, ein form for manual for korleis ein skal komma under radaren til PST. Dette ser me på som urovekkjande, fortel Kristiansen.

Hatefulle enkeltpersonar

Mange terror-ekspertar var tidleg ute med å påpeika faren for copycats etter 22.juli. Ein av dei var terrorforskar Jonathan Birdwill i Vald og ekstremisme-programmet til britiske Demos.

Jon Fitje

Analysesjef i PST, Jon Fitje seier dei aller fleste med antiislamistiske eller høgreekstremistiske synspunkt i Noreg held seg til å debattera på nettet.

Foto: NRK

– Eg er svært uroa for at det er mange enkeltpersonar som vil sympatisera med Breivik. Eg fryktar at andre vil kopiera desse åtaka i dei kommande månadene eller åra, uttala Birdwill få dagar etter den 22.juli.

Ifølgje den ferske Trugselrapporten til PST eksisterer det ei vaksande gruppe med høgreekstreme og antiislamistiske enkeltpersonar som kjem med hatefulle ytringar på nettet.

– Nokon står fram, andre er anonyme. Dette er i hovudsak ein virtuell aktivitet der dei kjem med trugande utsegn utan at desse er knyta opp mot operativ verksemd, seier analysesjefen i PST, Jon Fitje.

– Soloterroristar er ei utfordring

PST-sjefen vil ikkje svara på spørsmål om dei i tida etter 22.juli har avverja copycats frå å førebu eller gjennomføra liknande terrorhandlingar.

– Dette er ein fare som me veit er der generelt når ei slik terrorhandling skjer. Det er fordi me har denne erfaringa frå andre terrorhandlingar i verda og særleg i Europa, seier Kristiansen.

Kva metodar har PST for å avverga terrorplanar frå eventuelle copycats?

– Soloterroristar er ei utfordring. Me har ikkje høve til å setja i gang førebyggjande tiltak mot det som skjer inne i hovudet på ein person. Som regel er det jo når slike personar kommuniserer med andre at me får ein inngang til å følgja med på dei, svarar PST-sjefen.

I kjølvatnet av 22.juli har PST styrkt seksjonane for nasjonal ekstremisme og for informasjonsinnhenting.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger