Hopp til innhold

Parkeringsselskap håvar inn pengar på fakturagebyr

Forbrukarrådet meiner selskapa tar skyhøge fakturagebyr, og opplyser utydeleg om kva bilistar må gjere for å unngå gebyr.

Roger Gresdal studerer en av de seks fakturaene han fikk på kjøpesenteret i Steinkjer.

GEBYR: Roger Gresdal måtte betale gebyr som var nesten dobbelt så høgt som parkeringsavgifta.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Roar Fjeld hadde gjort det meste riktig når han parkerte på trekanten kjøpesenter i Asker. Han hadde laga konto på Autopay og registrert bilnummer og kredittkort.

Roger Fjeld, Asker

Roar Fjeld fortel hadde gjort nesten alt riktig då han parkerte på kjøpesenteret i Asker.

Foto: Snorre Tønset / NRK

Han hadde likevel gløymd å krysse av på automatisk skiltgjenkjenning, og måtte derfor betale gebyr.

– Ein trur ein blir registrert. Det er det som er greia, fortel Fjeld.

– Til slutt synest eg det var veldig rart, for eg hadde jo skiltgjenkjenning og ein haug med parkeringsappar, legg han til.

Fjeld trur den store andelen aktørar på marknaden er med å forvirre:

– Det er jungelen av fleire selskap som står for parkering og fakturering. Når det kjem det ei rekning står det ikkje OnePark, det står Riverty, Arvato eller kva enn det heiter.

Fekk fakturagebyr på 420 kroner

I løpet av ei veke parkerte Roger Gresdal seks gonger på senteret i Steinkjer. Alle gongene var han litt over gratistida på to timar.

I posten fekk han ei parkeringsavgift på 240 kroner, saman med eit fakturagebyr på 420 kroner.

– Eg var innom for å treffe litt kjentfolk, drikke litt kaffi, og då går klokka fort. To timar blir fort til to timar og eit kvarter, fortel han.

Roger Gresdal studerer en av de seks fakturaene han fikk på kjøpesenteret i Steinkjer.

På ein og same dag fekk Roger Gresdal to fakturagebyr.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

– Ein må jo betale for noko av det. Men så er det desse administrasjonsgebyra dei legg til på kvar ein giro. Det er fleire tidspunkt på same dag og fleire dagar etter kvarandre.

Gresdal meiner praksisen er i ei tydeleg gråsone:

To timer kan du stå gratis på Amfi i Steinkjer og mange andre steder. Men på tross av automatisk skiltgjenkjenning: Fakturagebyret kan bli skyhøyt hvis du står for lenge ikke leser vilkårene nøye.

To timar kan du stå gratis på Amfi i Steinkjer og mange andre stader.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

– Litt skitten praksis. Tydeleg at det er ei gråsone, og at det blir utnytta til «the bitter end».

Forbrukarrådet: – Summen bidreg til å forvirre

I 2021 omsette dei ti største parkeringsselskapa i Noreg for 2,5 milliardar kroner.

Forbrukarrådet får stadig fleire klagar på dyre fakturagebyr. Dei meiner fleire store selskap spekulerer i å tene gode pengar på gebyr.

– Det er eg heilt overtydd om, fortel fagdirektør i forbrukarrådet Jorge Jensen.

–Det har blitt såpass høge beløp at det er ute av kontroll. Vi ser verksemder som i sine rekneskap omtalar dette som gebyrproduksjon.

Fagdirektør Jorge Jensen i Forbrukerrådet mener parkeringsselskapene krever for høye gebyrer i P-husene,

Jorge Jensen i Forbrukarrådet får fleire klager frå folk som har betalt dyrt for parkering.

Foto: Martin Leigland / NRK

– Her må vi inn å gjere kraftige grep i regelverket, held han fram.

Jensen fortel at fakturagebyr har blitt eit veksande forbrukarproblem:

– Fakturagebyr blir inntektskjelda for ein heil del leverandørar. Det er ikkje berre parkeringsverksemder som gjer det, men plutseleg så betaler du meir i fakturagebyr enn det du har brukt av tenester.

Ingen billett, kjør inn, kjør ut står det på skiltet. Men hvis du ikke gjør alt riktig risikerer du likevel skyhøyt fakturagebyr.

Ingen billett, køyr inn, køyr ut står det på skiltet. Men viss du ikkje gjer alt riktig risikerer du likevel fakturagebyr.

Foto: Snorre Tønset / NRK

Han fortel at informasjonen ofte ikkje er til for å gjere ting enklare for forbrukaren, men for å verne om rettane til selskapet:

– Summen bidreg til å forvirre og det kan nok bli eit spørsmål om det rettsleg sett oppfyller krava om informasjon, men at det forvirrar folk er det ingen tvil om.

Har selskap lov til å tene pengar på fakturagebyr?

– Dei har lov til å få dekt dei utgiftene dei har. Per no ser vi at det er fult ut mogleg å lage eit fakturagebyr som er billigare enn det som er vanleg i marknaden, avsluttar Jensen.

Bransjeorganisasjon bekymra for utviklinga

Time Park, som driv parkeringa på Steinkjer, seier dei må sende ut faktura for kvar einaste parkering som ikkje er betalt kontant eller med app. Dei meiner dette kostar selskapet store pengar.

Henrik Begby Andersen, daglig leder i Time Park

Henrik Begby Andersen, dagleg leiar Time Park, fortel at dei har store kostnadar knytt til fakturering.

Foto: Snorre Tønset / NRK

Er det rimeleg at fakturagebyr skal koste 70 kroner kvar gong?

– For oss må vi ta høgde for alle kostnadane vi har ved fakturering. Og vi har ein ikkje ubetydeleg kostnad knytt til systemleverandørar, men kanskje aller mest til kundeservice, fortel dagleg leiar i Time Park Henrik Begby Andersen.

– Det mest vanlege spørsmålet vi får er «kvifor har eg fått ein faktura?». Det er ein stor kostnad knytt til fakturering, og vi ønskjer primært ikkje å fakturere, legg han til.

– Isolert tener vi ikkje særleg mykje på fakturering, det er ikkje ein av våre primære inntektskjelder, men vi skal dekke kostnadane våre, avsluttar han.

I fjor sommar publiserte Forbrukarrådet ein rapport som viste at det kosta mindre enn seks kroner å sende ein faktura i posten, og enda mindre med e-faktura, men forbrukarar må likevel betale opptil 100 kroner i fakturagebyr.

Dagleg leiar i bransjeorganisasjonen Nordpark, Lars Monsen, fortel at dei bekymra for utviklinga av storleiken på fakturagebyr.

Lars Monsen, daglig leder, Norges Parkeringsforenig

Lars Monsen frå Noregs Parkeringsforening fortel at dei ønskjer å få avklart problemstillingar rundt faktureringsordninga.

Foto: Snorre Tønset / NRK

– Kort samanfatta er vi einige med Forbrukarrådet i at nokon av beløpa som blir brukte er høgare enn den reelle kostnaden, og at dei derfor er i strid med lova, seier han.

–Vi har derfor starta ein prosess for å få avklart alle forhold rundt problemstillinga, legg han til.

Les også Telenor risikerer fakturabøter

Telenors hovedkontor på Fornebu.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger