Hopp til innhold

Oslo-rektorar slår alarm: – Bekymringsfull utvikling

Byrådet skryter av elevane sine prestasjonar på nasjonale prøver. Men resultata er blitt tydeleg dårlegare dei siste åra. No fryktar fagforeininga for rektorane at utviklinga i Oslo-skulen har snudd og er på feil veg.

Lærer i klassesituasjon på barneskole .

MATTE: Oslo-elevar har tilbakegang i både rekning og lesing. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Oslo-skulen har alltid lege i toppen når ein har målt korleis skulane i landet gjer det på nasjonale prøver. Det gjer dei fortsatt. Men i det siste har det murra. Dagbladet har skrive ei rekke saker om uroa om stor pengebruk og lønsfest for direktørane i utdanningsetaten. Aftenposten har fortalt at sentrale fagfolk har slutta.

Mindre av det grunnleggande

Etter framlegginga av resultata på nasjonale prøver i går, tek leiaren for fagforeininga til rektorane, Trond Nilsen, bladet frå munnen.

Han meiner utviklinga i utdanningsetaten no byrjar bli synleg i læringsutbyttet til elevane.

Trond Nilsen

BEKYMRA: Trond Nilsen i Skolelederforbundet meiner pilene peikar feil veg.

– Utviklinga på barnetrinnet er eit signal vi må ta på alvor. Det er bekymringsfullt når det er nedgang to år på rad, seier Nilsen til NRK.

Nilsen er leiar i Skolelederforbundet sitt fylkeslag i Oslo. Han peikar til NRK særleg på utviklinga i rekning og lesing på femte trinn.

– Det har blitt meir fokus på læringsmiljø, mindre på dette med grunnleggande ferdigheiter.

Snudd trend

Resultata i nasjonale prøver på landsbasis i år var i seg sjølv ikkje særleg oppsiktsvekkande. Målt på fylkesnivå, har Oslo vore i toppen i mange år. Sogn og Fjordane er eit anna fylke som ofte har hatt gode resultat. Også i år gjer Oslo-elevane det best viss vi måler fylke, viser tala frå Utdanningsdirektoratet.

– Resultata viser jo at det går veldig bra i Oslo fortsatt, meiner skulebyråd Inga Marte Thorkildsen (SV) om resultata på nasjonale prøver.

– Det er veldig gode resultat samanlikna med landet som heilskap.

Men går ein djupare ned i resultata ser ein at det er endringar på gang. Dei mest vesentlege endringane målt over tid finn ein i lesing og rekning for femteklassingar.

For fem år sidan var over 36 prosent på det beste nivået i lesing i Oslo. I dag er det 29,5 prosent som ligg på dette nivået. Også nasjonalt er det ein nedgang på desse fem åra, men denne er ikkje i nærleiken av å vere så stor som i Oslo.

I rekning ligg 21 prosent av femteklassingane no på det lågaste nivået. Dei førre åra har talet vore 17 og 18 prosent.

Om desse endringane seier noko avgjerande om utviklinga over tid på grunnleggande ferdigheiter er tidleg å seie. Det har for eksempel skjedd mykje med den grunnleggande leseopplæringa dei siste åra, og ein reknar med at slike endringar kan ta ein del år før dei syner igjen i nasjonale prøver, opplyser Utdanningsdirektoratet til NRK.

Men Trond Nilsen i Skolelederforbundet meiner at når ein ser resultata i samanheng med skåren på dei statlege kartleggingsprøvene i år, er det ingen tvil om at Oslo-skulen er inne i ein negativ trend.

– Elevane våre fortener at vi rettar merksemda vår mot dette og snur kvar stein for å snu denne trenden.

Styringssignal

Nilsen meiner hans medlemmar, som er rektorar og leiarar i Oslo-skulen, opplever å bli mindre etterspurt på resultata på nasjonale prøver, og han meiner dette gir utslag på resultata.

– Det er på tide å ta innover seg at den faglege progresjonen til elevane og det psykososiale læringsmiljøet heng saman, og at meistring og trivsel kan forsterke kvarandre. Vi meiner Oslo-skulen taper på et einsidig fokus, noko som kjem til uttrykk no.

Nilsen meiner den politiske leiinga og utdanningsetaten no er blitt meir opptekne av at skulane varetek sårbare elevar med store utfordringar i livet. Han er einig i at dette er svært viktig, men han meiner den politiske leiinga i Oslo har et for snevert syn på trivsel og læring som to sider av same sak.

– Det er eit tak for kva ein lærar, skuleleiar og tilsett i skulen har kapasitet til å gjere, og når fokuset på noko blir veldig auka, er det ikkje unaturleg at fokuset på noko anna blir redusert, seier Nilsen.

– Vi meiner det er for lite fokus på grunnleggande ferdigheiter og styringssignal som underbyggjer Oslo som eit fagleg flaggskip.

– Sprøyt

– Eg synest det er sprøyt å seie at vi ikkje er opptekne av grunnleggande ferdigheiter, for det er vi, svarar skulebyråd Inga Marte Thorkildsen (SV).

Ho viser til at fleire enn før fullfører grunnskulen og at karaktersnittet på 10. trinn er rekordhøgt. Ho meiner kritikken frå rektor-organisasjonen er underleg.

Inga Marte Thorkildsen

UNDERLEG: Skulebyråd Inga Marte Thorkildsen meiner kritikken er underleg.

Foto: Christopher Isachsen Sandøy / NRK

– Eg undrar meg over det leiaren i Skolelederforbundet seier av to grunnar. For det første er grunnleggande ferdigheiter høgt prioritert. Styringssignala om grunnleggande ferdigheiter og tidleg innsats er eintydige i alle tildelingsbrev, i dei overordna måla for skulesektoren frå byrådet, i styringsindikatorane og i byrådserklæringa. Og vi har tilsett 200 ekstra lærarar på barnetrinnet for å styrke arbeidet med den faglege læringa for dei yngste elevane. I tillegg er alle rektorar og lærarar forplikta av læreplanverket der grunnleggande ferdigheiter er heilt sentralt.

– Eg kan faktisk ikkje sjå at det finst rom for tvil om at dette er i kjernen av oppdraget til alle som jobbar i skulen, slår Thorkildsen fast.

– Men er du ikkje bekymra for denne tilbakegangen då?

– Eg er alltid bekymra, eg. Det er altfor store forskjellar mellom kva moglegheiter elevar i Oslo har. Når eg får indikasjonar på at det går feil veg på eitt eller anna punkt må vi ta tak i det og sjå det i samanheng med annan informasjon slik at vi ikkje blir lettvinte i vår omgang med resultata, seier Thorkildsen.

Høgre: – Oppsiktsvekkande

Mathilde Tybring Gjedde (H)

OPPSIKTSVEKKANDE: Høgres utdanningspolitiske talsperson på stortinget frå Oslo, Mathilde Tybring-Gjedde, meiner byrådet i Oslo skjønnmalar.

Foto: Hans Cosson-Eide / NRK

Skulen i hovudstaden vart i mange år drege fram som eit utstillingsvindauge av Høgre. Partiet styrte byen fram til 2015. No meiner Oslo Høgres stortingspolitikar Mathilde Tybring-Gjedde at utviklinga beviser at det raudgrøne byrådet har svekka skulen.

– Det er oppsiktsvekkande at byrådet prøvar å skjønmale ei utvikling som viser nedgang to år på rad.

– Det første byrådet gjorde var å nedprioritere basisfaga norsk, matte og engelsk. Dei har vore mindre opptekne av å ha openheit om elevresultata og å følgje dei opp. No byggjer dei også ned støttesystemet i Oslo-skulen.

– Men Oslo gjer det jo fortsatt veldig bra, og ser du på resultata til åttandeklassingane er det ikkje vesentlege endringar?

– Det er inga overrasking at dei eldre elevane gjer det bra. Dei har vore elevar i denne skulen lengre. Det er hos dei yngste elevane vi byrjar å sjå konsekvensane av fem år med SV og Ap i førarsetet.

– Høgre plukkar seg ut enkeltresultat for å prøve å angripe det raudgrøne byrådet. Ei overfokusering på lett målbare resultat vil føre til at skulane blir meir opptekne av testresultat enn faktisk læring, svarar skulebyråd Thorkildsen.

AKTUELT NÅ