Hopp til innhold

Ny bombemistanke avblåst

Politiet i Oslo har fjerna sperringane på Solli plass etter at området blei evakuert på grunn av bombemistanke.

Solli plass, Oslo

Politiet rykka nyleg ut til Solli plass.

Foto: NRK

Sperringane vart fjerna rundt klokka 15, fortel NRK-reporter Kirsti Falch-Nilsen på telefon frå Solli plass.

Ei bombegruppe var ved 14.30-tida på veg til plassen, men operasjonsleder Ola Krokan ved Oslo politidistrikt opplyser no til VG Nett at det var falsk alarm.

Ein person hadde sett frå seg ei svart øskja utanfor ein kafè, og forsvann deretter frå staden.

Den mystiska øskja viste seg å vera ufarleg. Den inneheldt eit høgtalarkabinett som vedkommande hadde gløymt.

– I den situasjonen me har i Oslo i dag, så valde me å evakuera området, seier Krokan til nettavisa.

Stoppa trikken

Vitne på staden fortalde tidlegare til Dagbladet at ein mann sprang inn på ein kafè og slengte frå seg ein bag, som utløyste alarmen. Vitnet sa til nettavisa at det var sett opp politisperringar på staden, men at folk var rolige.

– Trikken stoppa på Skøyen på grunn av ein mistenkjeleg gjenstand som var oppdaga i nærleiken, seier kommunikasjonssjef i Trikken, Cato Asperud.

Asperud seier han fekk beskjed om dette for få minuttar sidan, og at Trikken no held seg til den løpande informasjonen som dei får frå politiet.

Politiet seier til NRK at dei på noverande tidspunkt ikkje har informasjon til publikum om hendinga.

– Ekstremt lite folk ute

Solli plass ligg i Oslo Vest, i Frogner bydel. Rundt plassen ligg fleire populære restaurantar, kafear og utestadar.

– Det er ekstremt lite folk ute, ikkje berre på Solli plass men i Oslos gater generelt, fortel reporter Falch-Nilsen.

I går oppmoda politiet folk til å halda seg unna Oslo sentrum og å unngå store forsamlingar. Ifølgje NRks reporter ser det ut til at folk har teke politiet sitt råd til etterretning.

– Gatene er nesten folketomme. Dei få eg har møtt og snakka med seier at Oslo har blitt ein utrygg by. Dei er redde, seier Fach-Nilsen.

AKTUELT NÅ