Hopp til innhold

Norske spesialsoldatar sendt til Kabul – kan bli aktuelt å sende fleire

Noreg har sendt forsterkningar til Afghanistan. Soldatar frå Forsvarets spesialstyrkar står midt i kaoset på flyplassen i Kabul. – Det er svært krevjande der, seier generalløytnant Yngve Odlo.

Norske soldatar på flyplassen i Kabul

Norske spesialsoldatar (til høgre), den eine med eit norsk flagg i handa, står i ei av slusene på flyplassen i Kabul. Til venstre held ein dansk soldat opp eit dansk flagg.

Foto: U.S. Marine Corps

Yngve Odlo, sjef for Forsvarets operative hovudkvarter (FOH), stadfestar til NRK at norske spesialsoldatar er sendt til Afghanistan. Det har skjedd etter at Taliban tok over makta.

– Spesialstyrkane har kompetanse til å bidra under svært krevjande forhold på kort varsel. Dette er ein slik situasjon. Vi vil ikkje gå i detalj på kva oppdraget går ut på, men det handlar om å assistere under evakueringa, fortel Odlo.

Noreg har sendt ein styrke på om lag 20 soldatar til Kabul i løpet av dei siste dagane.

Fleire av disse skal tilhøyre Forsvarets spesialstyrkar (FS). Spesialstyrken består av soldatar frå Forsvarets spesialkommando (FSK) og Marinejegerkommandoen (MJK).

Det er uklart kva for ei avdeling som no er i Kabul.

Yngve Odlo, sjef for Forsvarets operative hovudkvarter (FOH)

Yngve Odlo, sjef for Forsvarets operative hovudkvarter (FOH), seier situasjonen i Kabul er krevjande.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

FHO-sjefen: – Det er svært krevjande der no

Yngve Odlo fortel at jobben til spesialsoldatane handlar om å assistere i evakueringa av personar som skal ut av Afghanistan.

Spesialsoldatane holder til på Hamid Karzai internasjonale lufthamn i Kabul.

– Dei har kontakt med og kontroller afghanarar som skal til Noreg. Dei hjelper også til med å identifisere både nordmenn, afghanarar og personar frå andre nasjonar. Spesialstyrken samarbeider med mannskap frå norsk politi som også er der, fortel Odlo.

Måndag kunne NRK fortelje at personell frå politiet blei sendt til Kabul i førre veke:

Forsvaret utelukkar ikkje at det kan bli sendt fleire soldatar til Kabul.

– Situasjonen avgjør om det vil bli aktuelt å sende fleire. Det er svært krevjande der no, fortel Odlo.

Det har vore fleire kaotiske og uoversiktlege situasjonar på og rundt flyplassen i Kabul:

VIDEO: Det var kaotisk på flyplassen i Kabul då hundrevis av menneske storma rullebana 16. august.

Det norske forsvaret driftar allereie eit feltsjukehus inne på flyplassen og behandlar stadig skadde personar.

Telemark Bataljon sendt til Tbilisi i Georgia

Totalt er det evakuert 374 personar frå Kabul til Noreg. Det stadfesta utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) til NRK tysdag morgon.

Dei fleste har blitt frakta ut frå Kabul i store militære transportfly av typen C17.

b0yMBw7K5sg

Dette satelittbiletet frå flyplassen i Kabul viser eit C17 transportfly.

Foto: AP

Transportflya har nærast gått i skytteltrafikk mellom Kabul og Tbilisi i Georgia. Tblisi har fungert som mellomstasjon før innleigde sivile fly har frakta dei evakuerte vidare til Noreg.

Yngve Odlo seier til NRK at det også er sendt om lag 50 norske soldatar til Tbilisi for å hjelpe til i evakueringsarbeidet.

– Dette er soldatar frå Telemark Bataljon. Dei har kompetanse på mellom anna sanitet og logistikk, seier Odlo.

– Dei har oppretta et transittmottak. Dei skal ta vare på alle som kjem frå Afghanistan og som skal sendast vidare til Noreg. Det gjeld både norske og andre statsborgarar frå andre land, fortel Odlo.

Styrken frå Telemark Bataljon var på plass i Georgia i løpet av natt til laurdag.

Q65aYTOPZHo

Store folkemengder har skapt kaos rundt flyplassen i Kabul.

Foto: Sgt. Victor Mancilla / AP

AKTUELT NÅ