Væpna politi undersøkjer laurdag ettermiddag ei leilegheit i Oslo i samband med drapet på Lørenskog, får NRK opplyst.
Tilsette ved forretningar i nabolaget fortel til NRK at politiet leita etter video frå overvakingskamera.
OSLO: Politiet er på ei adresse i Oslo i samband med drapet i Lørenskog.
Foto: Astri Husø / NRKMannen i 20-åra vart funnen livlaus på parkeringsplassen ved Løkenåsen skule i Lørenskog kommune fredag kveld.
– Basert på dei tekniske undersøkingane og det politiet kunne sjå da dei kom til åstaden i går kveld, etterforskar vi eit drap, seier politiinspektør Lars Reinholdt-Østbye.
Sperreband ved åstaden i Lørenskog.
Foto: Alem Zebic / NRKMannen vart erklært død på staden av ambulansepersonell som kom etter at naudetatane vart tipsa om funnet.
Avdøde var busett på Austlandet. Han blir sendt til obduksjon, og ein foreløpig rapport vil truleg vere klar neste veke.
Ingen mistenkte i saka
– Vi jobbar med å kartleggje bakgrunnen til fornærma, tilknyting til Lørenskog og andre taktiske og tekniske etterforskingsskritt med nødvendige ressursar, seier Reinholdt-Østbye.
Ingen er foreløpig arresterte eller mistenkt i saka, og ifølgje Reinholdt-Østbye er det ikkje grunn til å tru at det er fare for andre på Lørenskog slik saka står no.
Politiet jobbar framleis med å innhente vitneopplysningar og videoovervaking frå området.
– Vi er heilt i initialfasen av etterforskinga, så av omsyn til den er det for tidleg å kome inn på nærmare omstende på åstaden, seier Reinholdt-Østbye.
TRUR DET ER DRAP: Politiinspektør Lars Reinholdt-Østbye stadfestar at det er mistanke om drap.
Foto: Kristine Kjendalen / NRKPolitiet mistenkte allereie fredag at dei stod overfor eit drap, basert på funn på åstaden.
Monica Melgård er nemnt opp som bistandsadvokat for fornærma.
Det var Romerikes Blad som først melde om saka.
Samarbeider med andre politidistrikt
Politiet jobbar no med å gå gjennom dei kriminaltekniske undersøkingane.
– Så må vi samanhalde den obduksjonsrapporten som kjem med det vi har av opplysingar elles i saka, før vi kan seie noko meir om omstenda, seier Reinholdt-Østbye.
Politiet har ikkje tatt beslag i noko som knyter seg til drapshandlinga. Dei ynskjer ikkje å kommentere eventuelle andre beslag frå åstaden.
I tillegg samarbeider dei med andre politidistrikt både om mannens bustad og tilhøyring.
Pårørande la laurdag ned blomar på åstaden i Lørenskog.
Foto: Alem Zebic / NRKBer om tips
Politiet ber om at fleire tar kontakt dersom dei veit noko om saka eller var på staden.
Dei vil ha tips om personar og bilar som er sett på staden i tidsrommet frå fredag klokka 15 til 20.
Den omkomne er funnen rett ved Løkenåsen skule i Lørenskog i Viken.
Brukte hund i søket
Innsatsleiar Knut Øyvind Kosi i Aust politidistrikt seier til NRK at dei allereie fredag etterforska dødsfallet som mistenkjeleg på bakgrunn av funn på staden.
MISTENKELEGE FUNN: Politiet sin innsatsleiar Knut Øyvind Kosi seier politiet har gjort funn på staden.
Foto: Trygve Heide / NRKKosi vil ikkje seie meir om kva funn som er gjort eller kva type skadar mannen har.
Han kan heller ikkje seie noko om kva alder mannen har, eller kven som varsla politiet.
Politiet sperra fredag kveld av eit stort område rundt funnstaden ved skulen. Kriminalteknikarar finkjemma funnstaden, og etterforskarane leita og i skogen rundt parkeringsplassen med lykter. Minst ein politihund blei brukt i arbeidet.
FINKJEMMER FUNNSTAD: Politihund i arbeid ved Løkenåsen skule
Foto: Trygve Heide / NRKTre veker sidan kvinne vart drepen
Det er ikkje meir enn tre veker sidan det kom melding om eit anna drap i Lørenskog.
I påska vart ei 31-årig kvinne drepen sin si eiga leilegheit i Lørenskog. Ekskjærasten til kvinna er sikta for drapet og sit i varetekt.
Ifølgje Reinholdt-Østbye er det ingenting som tyder på at det er ein samanheng mellom dei to sakene.