Prinsesse Märtha Louise: – Eg har fått eit krasjkurs i rasisme

I eit innlegg på Instagram fortel prinsesse Märtha Louise om korleis forholdet til Durek Verrett har gitt henne eit krasjkurs i rasisme og korleis kvite nasjonalistgrupper meiner deira rase er overlegen.

Prinsesse Märtha og Durek Verret i Olso i 2019

Prinsesse Märtha Louise og kjærasten sjaman Durek Verrett avbilda utanfor TV2-studio i i Oslo i fjor. På Instagram natt til fredag skriv prinsessa langt om korleis auga hennar er opna om det verkelege vesenet til rasismen etter at ho vart kjærast med sjamanen.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Etter at ho innleidde eit forhold til den omstridde sjamanen, har prinsesse Märtha møtt mange reaksjonar. I eit langt innlegg på Instagram natt til fredag skriv ho om korleis forholdet har gitt henne innsikt i korleis ho medvite og umedvite har opptredd overfor svarte menneske.

Ho skriv at ho har teke sine eigne rettar som sjølvsagde, og aldri sett seg grundig inn i kva rasisme eigentleg er fordi ho var komfortabel med tilstanden til tinga.

– Eg er ikkje stolt av dette, men innser at eg må vekse for å forstå denne djupe problematikken. Eg, som ein kvit person, må kurse meg sjølv og gå frå å vere ein person som er mot rasisme til å bli ein antirasist, skriv ho.

Det var VG som omtalte innlegget til prinsessa først. Märtha Louise skriv at ho no opplever rasisme på ein annan måte enn den opne diskrimineringa ho tidlegare tenkte det var.

Les òg:

Ho får støtte av sin bror, kronprins Haakon, som fredag besøkte Havforskningsinstituttets forskingsstasjon Flødevigen i Arendal.

Kronprins Haakon på besøk hos Havforskningsinstituttets forskningsstasjon Flødevigen i Arendal i anledning Verdens miljødag

BESØKTE FORSKINGSSTASJON: Kronprins Haakon besøkte fredag forskingsstasjonen Flødevigen i Arendal i Verdens miljødag.

Foto: Trond Reidar Teigen / NTB scanpix

– Eg synest det engasjementet vi ser nå er kjempebra. At ho også er ein del av det, synest eg er positivt, seier kronprinsen til NRK.

– Er dette noko som opptar kongefamilien?

– Ja, i likskap, trur eg, med nesten alle andre, så er dette noko som både rører ved oss og som vi er opptatt av. Eg trur mykje av styrken i et samfunn ligg nettopp i at vi får til disse tinga.

Ser den skjulte rasismen

Innlegget er ute på profilen princessmarthalouise som har vore den eine av to kontoar prinsessa har på Instagram. Den andre kontoen Iam_ marthalouise vart tidlegare i veka hacka og stengt, men var oppe igjen natt til fredag. Det same innlegg er lagt ut der.

Märtha Louise skriv at ho no opplever rasisme på ein annan måte enn den opne diskrimineringa ho tidlegare tenkte det var.

Den skjulte rasismen har no vorte tydeleg for henne etter at ho vart kjærast med Durek Verrett. Ho fortel om korleis menneske held seg unna Verrett, at framståande personar ikkje vil ta han i handa, korleis vener går ut frå at han utnyttar henne og at han ikkje får ein retteleg plass i sosiale lag.

– Pressa viser han fram som ein løgnar, som valdeleg og som ein trussel for familien min og for meg, dei deler skruppellaust historier frå dei tidlegare forholda hans utan å sjekke fakta fordi det bygger opp under det inntrykket som alt er etablert om han. Dette er rasisme, skriv prinsessa.

Fått dødstruslar

– Vi har begge mottatt dødstruslar fordi vi er saman og fått kvar veke høyre at vi fører skam på folket vårt og familiane våre fordi vi har valt kvarandre, skriv ho. Ho sluttar av med ein open kjærleiks erklæring:

– Sanninga er at eg elskar korleis han gir meg plass som kvinne, lyttar til meiningane mine og er der for meg og jentene mine. Eeg elskar korleis han deler kunnskapen sin med verda.

I den fyrste versjonen av denne saka omsette vi det engelske uttrykket «white supremacy» med kvit undertrykking. Det var ikkje ei presis omsetjing og vi har difor gjort endring i teksten.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger