Hopp til innhold

Inntekt: 300 mill i året

Desse boksane er gull verdt for Staten. Kvart år tar dei inn ca 300 millioner kroner frå råkjørarane.

Fotoboks

Fleire unge menn er avslørt av fotoboksar som har registrert dei i 190 km/t, og dei verste fartsbøllene er avslørt i tunellar.

Foto: Vigidis Wågø-Wares / NRK

– Dette er store summar, og ein langt større del av desse inntektene må førast direkte tilbake til trafikksikringsarbeid.

Det seier Knut Arild Hareide (KrF) som leiar transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.

Her ser du kor store inntekter fotoboksane tar inn der du bur:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Hareide får støtte av Bård Hoksrud i Frp.

– 300 millioner kroner er mykje, og desse pengane bør eigentlig førast direkte tilbake til arbeidet med ungdom og trafikk, seier Hoksrud.

Han trur øyremerking av desse store inntektene er ein veg å gå for å få unge bilførarar til å senka farten.

Hareide er svært uroleg over statistikken som viser til dels ekstrem høg fart på norske vegar. Fleire unge menn er avslørt av fotoboksar som har registrert dei i 190 km/t, og dei verste fartsbøllene er avslørt i tunellar.

Les også: Fartsgalskapen held fram

– Ta lappen på nytt

I dag legg NRK.no fram tal som viser at vi kvart år betaler inn om lag 300 millionar kroner i fartsbøter og forenkla forelegg etter fotoboks-avsløringar. Verstingane blant fartssyndarar er unge menn.

– Vi må senka terskelen for at unge lovbrytarar i trafikken må ta lappen på nytt, meiner Hareide.

- Vi må la ein større del av desse pengane gå direkte tilbake trafikktryggleik, som til Trygg Trafikk, og til betre sjåføropplæring. Vi må sjå nærmare på tiltak mot dei unge, og ha lågare terskel for at unge lovbrytarar i trafikken må kjøra opp til førarkort på nytt, seier han.

Knut Arild Hareide

– Vi må senka terskelen for at unge lovbrytarar i trafikken må ta lappen på nytt, meiner KrFs Knut Arild Hareide.

Foto: NRK

Hareide vil la boksane stå, kanskje til og med setja opp fleire. Hoksrud er ikkje samd i det:

Ikkje fleire boksar

Det er i alle fall ikkje behov for fleire fotoboksar. Historien fra Sunnmøre viser også at fotoboksane har begrensa verdi. Vi må inn med heilt andre tiltak overfor ungdom, seier han.

- Det er definitivt eit problem at unge folk kjører fort, det er både ulovleg og uforsvarleg. Men fotoboksane verkar jo ikkje, ser vi. I Rogaland har dei gode erfaringar med å la unge oppleva bilulukker ved å sjå verkelege bilvrak på nært hald og å gjennomgå førstehjelpsarbeid i praksis. Då først går det opp for mange kva grisekjøring kan resultera i, seier han.

Hoksrud vil heller ikkje erstatta dei med gjennomsnittsmåling.

Bård Hoksrud
Foto: Stortinget

- Nei, gjennomsnittsmåling er ikkje bra. Eg kjem sjøl frå ein kommune der dette er innført, og erfaringane er at det skapar mange stygge situasjonar når folk føler seg så sterkt overvaka. Det blir panikkbremsing og unormal kjøring, og er ikkje eit godt tiltak for tryggare trafikk, seier Bård Hoksrud.

Les også: Dei verste fotoboksavsløringane

Vil ikkje heva bøtene

Hareide trur ikkje løysinga ligg i å heva bøtene ytterlegare.

– Bøtene er heva betydeleg dei seinaste åra. Men når vi snakkar om 160 – 190 km/t som NRK viste i går, er det heilt andre ting enn bøter vi snakkar om. Då snakkar vi om å miste lappen.

– Men vi har tydelegvis råd til dette, er det blitt for billeg å kjøra fort?

– For nokre, men ikkje for alle. Vi må sjå bøter i samanheng med andre straffer, og prikksystemet må ivareta ei verkeleg straff for dei som tenkjer dei har råd til å betale fartsbøter, seier Hareide.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

AKTUELT NÅ