Hopp til innhold

Her blir han tatt 190 km/t i tunnelen

50-åringen ble fotografert i 190 km/t i ein tunell på Vestlandet. Fotoboksen avslørte han. Gode vegar innandørs gjer det lett å trø hardt på pedalen.

Tatt i fotoboks i 190 km/t i Bømlafjordtunnelen
Foto: Politiet

Bildet er av ein mann på 54 år som kjørte forbi fotoboksen i 190 km/t i 80-sona i Bømlafjordtunnelen i Sunnhordland.

– God veg i tunnelane

Gode vegar «innendørs» i tunnelane, ofte langt betre enn ute, får mange til å gi ekstra gass når dei endeleg får ei fin strekning med god vegbane og grei oversikt over møtande trafikk.

I Haugaland og Sunnhordland er alle verstingane tekne i Bømlafjordtunellen, dei fire verste med fart på over 170 km/t, alle ti blei tatt i over 130 km/t.

NRK.no skriv i dag om ungdomane som brukar Eiksund-tunellen i Ørsta som fartsstripe. Ved Shell i Ørsta møtest bilglad ungdom frå heile Søre Sunnmøre. Skuleelev Erlend Kragset fortel at ein kan køyre fort i Eiksundtunnelen sjølv om der er fotoboksar.

– Vi køyrer vel i full fart ned til området der fotoboksa står. Men der slakkar vi ned. Og så er det full guffe etterpå, seier Erlend Kragset.

Les også: Fotoboks hindrar ikkje grisekøyring i Eiksundtunnelen

– Fart gir status

– Eiksundtunnelen er den djupaste undersjøiske tunnelen i verda. Han er bratt både ned og opp, og farta er ofte høg blant dei som køyrer gjennom. Fart gir status, seier skuleelev Amanda Holsvik.

– Mange tykkjer at fart og spenning er gøy. Det er vel for å vise seg fram og framstå som kul, seier ho.

– Har nok skjerpa seg

Nokre av ungdommane meiner likevel at fleire har redusert farta etter ulukka for halvanna år sidan.

– Eg trur at folk har skjerpa seg etter ulukka som var der. Men der er framleis folk som rasar gjennom tunnelen. Det er flotte vegar og det går beint fram. Men eg trur ikkje folk tenkjer over kva fare som er der, seier Elisabeth Måløy.

31 førarkort i ein tunnel i haust

Men det er ikkje berre i dei mange tunellane på Vestlandet fortssyndarane viser seg. Blant dei verste er den nye Operatunnelen i Bjørvika i Oslo.

Den nye Operatunnelen i Oslo er også blitt ein fartsetappe i hovedstaden, trass i at fotoboksar overvakar bilistane. Berre sidan opninga av tunellen i september, har politiet inndrege 31 førarkort etter fotoboks-avsløringar der.

121 km/t i morgonrushet gjennom Operatunellen ein måndag kosta ein 63-åring nokre kroner.

Fotoboksane i Oslofjordtunnelen har også avslørt mange råkjørarar. I snarveien under Oslofjorden er det lett å la bilen trille – då peikar pila ganske snart over 80 km/t og det går svært ofte altfor fort.

Sju av dei ti verste tilfella i Follo er tatt i Oslofjordtunnelen med fart på mellom 127 og 148 km/t.

Verst i Lærdal

I Sogn og Fjordane er sju av dei ti verste tilfella fotograferte i Lærdalstunnelen, og høgaste fart målt av alle fotoboksane var ein 20 år gammal mann som pressa bilen heilt opp i 193 km/t.

Lærdalstunnelen
Foto: Merete Høidal / NRK

To unge menn er begge tekne i over 190 km/t eller meir av fotoboksane i Lærdalstunnelen på E16.

Statistikken for verdas lengste bilvegtunnel er nedslåande.

– Det er skremmande. Det skal veldig lite til, og vi har ein del stygge ulykker i tunnelar, seier Leon Nordanger, UP-sjef i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Les også: Dette er fartsverstingane i fylket

Rælingstunnelen på Romerike er også sterkt representert i statistikken, her har ein ung sjåfør på under 20 pressa bilen opp i 190 km/t.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

AKTUELT NÅ