Hopp til innhold

Matprisane vil stige utover sommaren: Slik kan du handle billigare

Sjokolade, egg og kaffi har stige kraftig i pris det siste året. Nå deler matinfluensarane sine beste tips for å gjere matvarehandelen billigare.

Magnus Liøkel (32) og Ole Kristian Samuelsen (28) står over ein kjøkkenbenk og lager mat

SULTNE GUTTER: Ole Kristian Samuelsen og Magnus Liøkel deler oppskrifter på Instagram-kontoen sin.

Foto: privat

Det har blitt frykteleg dyrt å handle mat på butikken, meiner Ole Kristian Samuelsen og Magnus Liøkel.

Matprofilane kallar seg «Sultne Gutter».

Det er kanskje ikke så rart at dei synest det. For matvarer har blitt dyrare.

Frå mai til juni steig matprisane med 1,4 prosent, viser nye tal frå SSB. Samtidig er prisane på matvarer 4,4 prosent høgare i juni i år samanlikna med juni i fjor.

Særleg sjokolade og kaffi har blitt mykje dyrare. Desse har stige med 22 og 20,4 prosent det siste året. Egg og storfe har også høg prisvekst.

Dane Cekov i Sparebank 1 Markets varslar at prisane vil fortsette å stige utover sommaren.

NRK har snakka med fleire matinfluensarar som er frustrerte over matprisane:

Her delar dei dei sine beste tips for å gjere matvarehandelen billigare.

Vekemeny og handleliste

Duoen «Sultne Gutter» fortel at dei unngår storhandling, fordi dei endar opp med å kaste mat som blir liggande i kjøleskapet.

– Så vi prøver heller å handle litt kvar dag. Berre dei få tinga vi treng til den middagen. Da får ein også kontroll på kva ein har i kjøleskap og kjøkkenskap, forklarer Liøkel.

– Handle ofte og lite. Men ein må sjølvsagt unngå impulshandling.

Trenings- og matinfluensar Kristin Birkelund anbefaler også å planlegge ein vekemeny og skrive handleliste.

– Eg opplever det som veldig effektivt. Da unngår ein å gjere unødvendige impulskjøp, seier Birkelund.

Handle lausvekt

Samuelsen og Liøkel seier at det lønner seg å kjøpe grønsaker, som løk og poteter, i lausvekt. Da et ein opp alt, i staden for å kjøpe for mykje.

– Og eigentleg berre handle så mykje grønsaker og råvarer som mogleg. For det er billigare enn ultraprosesserte produkt, med tanke på kilopris, seier Liøkel.

Det er også Birkelund einig i.

Ho seier at det kan vere lurt å handle havregryn, bønner, linser, frosne grønsaker og ris.

Oppskrift fra Kristin BirkelundCottage Cheese oppskrift fra Kristin Birkelund

Kristin Birkelund er trenings- og matinfluensar, i tillegg til å vere personleg trenar.

– Det er jo ofte noko du får eit større kvantum av og da er ofte kiloprisane lågare. Og spesielt frosne grønsaker er jo heilt supert å bruke og er ofte veldig billig, seier ho.

Les også Butikkansatte reagerer på milliardoverskudd: – Griskhet

Ostehylle i Kiwi-butikk

Bruk kunstig intelligens for å unngå matsvinn

Matprofilane er tydelege på at å unngå matsvinn, er viktig for å få kontroll over utgiftene sine.

– For alt ein kastar, er openbert eit tap. Om ein kan få kontroll på den biten, så trur eg mykje er gjort allereie, seier Samuelsen.

Om ein sit med råvarer i kjøleskapet og ikkje veit korleis ein skal bruke det, spør ChatGPT eller Google Gemini om hjelp, føreslår han.

Sultne Gutter portrett

Ole Kristian Samuelsen og Magnus Liøkel har gitt ut fleire kokebøker.

Foto: Gitte Paulsbo

– Eg vil kanskje seie at eg er den som er minst handy på kjøkkenet òg. Så om eg aleine er heime og treng litt inspirasjon, så bruker eg gjerne det for å finne ut kva eg har i kjøleskapet, seier Samuelsen.

Les også Da ChatGPT styrte livet mitt

Meg på tur

Også tiktokar Reitan bruker kunstig intelligens til hjelp.

– Eg ser kva eg har i skapa, skaffar meg ei oversikt over kva eg har og planlegg ut frå det. Eg bruker ChatGPT og legg inn matvarene der, så får eg liksom ein meny ut frå budsjettet mitt, seier ho.

Følg med på tilbod og kampanjar

Birkelund seier at ho følger med på appane til butikkane aktivt, og ser etter kampanjar og tilbod.

– Om ein da klarer det, handlar inn når ting er litt på tilbod og planlegg ut frå det, så kan ein komme i ein sånn god strøym, meiner ho.

Les også Trosser storbankenes «bransjepraksis»: Setter ned renta til kundene nå

en gruppe mennesker som går på en gate

Ein kan også nytte seg av datodisken for å kjøpe produkt som snart går ut på dato med rabatt, fortel Birkelund.

Også Reitan går ofte dit.

Om ho finn kjøttdeig eller kylling vakuumpakkar ho varene eller deler dei opp i porsjonar og frys dei ned.

– Da kan eg ha periodar der eg berre handlar det eg absolutt må, og berre lever av frysaren, seier ho.

Reitan anbefaler også å nytte seg av matreddings-appen «Too good to go».

Prisane vil fortsette å stige

Det er nokså sikkert at matvareprisane kjem til å auke vidare i løpet av sommarmånadene, seier Dane Cekov i Sparebank 1 Markets.

– Juli pleier å vare ein månad der butikkjedene og leverandørane aukar prisane. Vi trur at matvareprisane skal vidare opp i løpet av denne månaden. Det er eit slags sesongmønster, forklarer han.

Dane Cekov, valutastrateg i Sparebank 1 Markets

Dane Cekov, valutastrateg i Sparebank 1 Markets.

Foto: Mathea Hallingstad Laugen / NRK

Han forklarer vidare at prisane vil gå noko ned i august og september.

– Men det er grunn til å tru at matvareprisane vil auke vidare, seier han.

AKTUELT NÅ