– No sikrar me at ein kan bruken appen, utan å dele meir informasjon enn nødvendig, seier Sveinung Stensland, helsepolitisk talsperson i Høgre.
Forslaget vil sikre brukaren, seier Sveinung Stensland, helsepolitisk talsperson i Høgre.
Foto: Hallgeir Aunan / NRKSlik smittestopp-appen fungerer i dag, gjev du ei godkjenning. Informasjonen ein gjev frå seg kan bli brukt både smittesporing og til kunnskapsinnsamling.
Måndag vart det kjent at Folkehelseinstituttet (FHI) stansar all innsamling av data i Smittestopp-appen, etter ei åtvaring frå Datatilsynet.
Frå i dag blir datainnsamlinga stoppa i appen. All persondata lagra i den sentrale databasen vil bli sletta så snart som mogleg.
– Dårleg politisk handverk.
Forslaget om å dele godkjenninga i appen i to, blir stemt over i Stortinget seinare i dag.
Ap bekreftar overfor NRK at dei stiller seg bak forslaget til regjeringspartia – og dermed har forslaget fleirtal
Men helsepolitisk talsperson i Ap, Ingvild Kjerkol, seier prosessen med appen har vore svært kritikkverdig.
– Det er ingen tvil om at det har vore dårleg politisk handverk. Me burde aldri ha kome i denne situasjonen, seier Kjerkol.
Hastevedtak
Forslaget frå regjeringspartia kom i stand etter at Senterpartiet i dag tidleg leverte inn sitt forslag til Stortinget om endring av appen.
Dei ville hindre all vidare bruk av smitte-appen til datainnsamling.
– Dette er eit svar på Senterpartiet sitt forslag. Det ville svekka smittevern-appen. I staden for å stoppe viktige delar av appen, kjem me no med eit konkret forslag som vil gjere den betre og tryggare, seier Stensland
Vil ha tilbake appen raskt
Helseminister Bent Høie (H) seier til NRK han vil ha tilbake smittestopp-appen så raskt det let seg gjere.
Når all datainnsamlinga blei stoppa i dag, meiner Høie ein går glipp av verdifull informasjon.
– Vi mistar viktig kunnskap og viktig tid. Vi hadde no ein plan om å teste ut appen slik at han i større grad kunne vorte brukt til smittesporing i forkant av ei blomstring, seier Høie til NRK tysdag.
Viktig for beredskapen
Smittestopp-appen lagrar kvar vi er, når vi er der, og telefonnummeret vårt, som gjer at vi kan identifiserast. Og han lagrar kven vi møter.
– Vurderinga mi er at den er ein del av den beredskapen som vi har behov for å ha for å handtere det vi reknar med kjem til å skje – nemleg at vi lokalt i Noreg kjem til å få aukar i smittespreiing, seier han.
Appen er blitt lasta ned 1,6 millionar gonger, og har nesten 600.000 aktive brukarar som deler data med FHI, ifølgje tal frå 3. juni. FHI anbefaler folk å behalde appen på telefonen.