Hopp til innhold

Færre brukar munnbind på kollektivtransport

Ruter merkar ein nedgang i munnbindbruken. Bussjåførane rapporterer det same. – Ned mot 80 prosent på avgangar med mange reisande, seier Ruter.

T-banestopp Majorstuen. Oslo.

Majorstuen T-banestopp i Oslo (illustrasjonsbilete).

Foto: Jan Sarzuelo Dydland / NRK

Kollektivtransportselskapet gjennomfører stikkprøvar på ulike linjer. Med dette målar dei korleis munnbindbruken er, både når det er mange passasjerar som er om bord, og når det er få reisande om bord.

– Vår oppleving er at folk har vore innmari flinke til å følgja retningslinjene gjennom ei veldig krevjande tid. Munnbindbruken har vore svært høg, opp mot 100 prosent på avgangar med mange reisande gjennom ein lang periode.

Det seier Knut-Martin Løken, pressevakt i Ruter.

Knut-Martin Løken, pressevakt Ruter

Knut-Martin Løken, pressevakt i kollektivtransportselskapet Ruter.

Foto: Ruter

– I samband med gjenopninga av Oslo, så har vi dei siste vekene sett at munnbindbruken har gått noko ned. Munnbindbruken er ned mot 80 prosent på avgangar med mange reisande, held han fram.

Ynskjer stengde framdører

Trond Jensrud, generalsekretær i Yrkestrafikkforbundet, seier at dei får rapportar frå uroa bussjåførar.

– Bekymringa til bussjåførane er at mange er litt slappare no. Kanskje særleg om ein har vore ute på byen om kvelden. Då ser ein at folk kjem inn på bussen og ikkje tar like mykje omsyn og ikkje brukar munnbind, seier Jensrud.

Trons Jensrud, generalsekretær i Yrkestrafikkforbundet.

Trond Jensrud, generalsekretær i Yrkestrafikkforbundet.

Foto: Yrkestrafikkforbundet

Det er ein av grunnane til at forbundet meiner at framdørene på bussane framleis burde vore stengde.

Pressevakt i Ruter, Knut Martin Løken, seier at han har stor forståing for at sjåførane blir bekymra når dei ser at munnbindbruken går noko ned.

– Det er difor svært viktig at folk held fram med å følgja retningslinjene, seier han og minner om at det framleis er påbod om munnbind i kollektivtrafikken i Oslo om det ikkje er mogleg å halda ein meters avstand.

Ikkje overraska

– Det er slik som vi har rekna med. At folk blir slappare med munnbindbruk dess meir smittetrykket fell. Det er ikkje veldig overraskande, seier Bjørn Iversen, overlege i Folkehelseinstituttet.

Han trur at den viktigaste grunnen er at smittetrykket i Oslo er det lågaste som hovudstaden har hatt på mange månadar.

– Eg vil tru at ein del av årsaka er at folk ikkje opplever det som så utrygt lenger, seier han.

Bjørn Gunnar Iversen, overlege FHI

Bjørn Gunnar Iversen, overlege FHI.

Foto: FHI

FHI oppmodar at folk må følgja dei råda og krava som kommunen har, og at kommunane må vurdera munnbindkrav i samanheng med blant anna smittepress, kor mykje villsmitte det er og vaksinasjonsstatus.

– Det viktigaste er å halda avstand. Vi veit at det har større tyding for å hindra smittespreiing. Effekt av munnbindbruk har vi for lite god dokumentert kunnskap om, seier han.

– Det er eit viktig symboltiltak, men smittevernmessig er andre tiltak viktigare, presiserer Iversen og legg til at folk ikkje må ta kollektivtransport om dei er i karantene, i isolasjon eller har luftvegsinfeksjon.

Buss og munnbindbruk

I Oslo er det framleis påbod om munnbind i kollektivtransporten om ein ikkje kan halda ein meter avstand (illustrasjonsbilete).

Foto: Jenny Førland / NRK

Anbefaler bruk av munnbind

Avinor anbefaler at alle reisande brukar munnbind under heile opphaldet på flyplassen. Ved nokre flyplassar er det også påbode.

Flyselskapa krev at passasjerane skal bruka munnbind om bord i fly. Nokre flyselskap krev også medisinsk munnbind, og ikkje tøymunnbind. Ein må sjølv sørgja for å halda seg til informasjonen som flyselskapa gir.

Cathrine Fuglesang Framholt

Cathrine F. Framholt, pressevakt i Avinor.

Foto: Avinor

– Vi oppmodar folk til å halda seg orientere og ta omsyn til andre når dei reiser, seier Cathrine Fuglesang Framholt, pressevakt i Avinor.

Ho seier at Avinor sin generelle oppfatning er at folk er flinke til å følgja råda og bruka munnbind på flyplassane.

Også Vy oppfordrar, både togpassasjerar og tilsette om å bruka munnbind om ein ikkje kan overhalda tilstrekkeleg avstand.

Åge Christoffer Lundeby, kommunikasjonssjef i Vy.

Åge Christoffer Lundeby, kommunikasjonssjef i Vy.

Foto: Vy

– Men det er ikkje noko påbod om bruk av munnbind lenger, seier Åge-Christoffer Lundeby, kommunikasjonssjef i Vy, som har eit inntrykk av at folk rettar seg til dei reglane som gjeld.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger