Hopp til innhold

USA: Wall Street rasar vidare nedover – falt nærare 6 prosent

Børsane i USA gjekk kraftig ned fredag etter tollsvaret frå Kina – S&P 500 fall 6 prosent. Dow Jones fall 5,50 og Nasdaq gjekk ned 5,82.

Meglere sitter foran skjermer på New York-børsen . Bildet tatt ovenfra, menn men tastatur stirrer på skjermer

BØRSFALL i USA: Anstrengt stemning bland meklarane på New York-børsen fredag.

Foto: AP

Dette er ei sak om etterverknadene av president Donald Trumps tollsatsar mot ei rekke land. Her kan du lese meir om

Dei fleste børsar i verda har peika nedover sidan Trump kom med sin tollpakke på onsdag.

Etter svaret frå Kina, med ein toll på 34 prosent på varer frå USA, sette nedgangen ytterlegare fart.

Svekka krone

På Oslo Børs fall hovudindeksen med 5 prosent i dag. Ein må tilbake til hausten 2022 for å sjå liknande fall.

Krona har også svekka seg i løpet av dagen

  • Dollar: Før tollsatsane vart annonserte, og den auka oljeproduksjonen vart kjent, kosta ein dollar 10,32 kroner. No kostar ein dollar 10,77 kroner.
  • Euro: På same tid kosta ein euro 11,29 kroner, medan den no kostar 11,82 kroner.

– Dette er ein veldig stor bevegelse. Kronekursen svingar mykje frå dag til dag, seier makro- og rentestrateg i Nordea, Sara Midtgaard.

Sara Midtgaard. en kvinne med langt lyst hår

Sara Midtgaard er senior makro- og valutastrateg i Nordea. Ho seier at det er uvanleg stor uvisse om utviklinga i kronekursen framover i tid.

Foto: Thomas Fure / NTB

Ho peikar på fall i aksjemarknaden i USA og lågare oljepris etter at OPEC varsla at dei ville auke oljeproduksjonen som to viktige årsaker til at krona no er mindre verdt. Og det er svært uvisst korleis krona vil utvikle seg framover.

– Både fordi oljeprisen kan falle meir, det vil sette ytterlegare press på krona, og at aksjemarknaden i USA kan halde fram med å falle.

Børsfall over heile linja

Også fleire store europeiske børsar fell kraftig. Ved stenging klokka 1730 var statusen slik:

  • Stockholmsbørsen er ned 4,37 prosent
  • Dax-indeksen i Tyskland er ned 4,66 prosent
  • Cac-indeksen i Paris er ned 4 prosent
  • FTSE 100-indeksen i London er ned 4,9 prosent

Les også Kraftig fall på børsane i USA etter tollpakka til Trump

en mann i en blå jakke som holder et nettbrett

Børsfall i USA

Børsane i USA opna klokka 15:30. Då dei stengde kokka 22:00 norsk tid så dei tre mest kjende indeksane slik ut:

  • Dow Jones ned 5,50 prosent
  • Nasdaq ned 5,82 prosent
  • S & P 500 ned 5,97 prosent

Kina seier dei vil innføre 34 prosent toll på alle amerikanske varer.

Det er same tollsats som USA annonserte på varer frå Kina på onsdag.

Dette må du vite om toll

  • Hva er toll?

    Toll er en avgift staten legger på varer som kommer inn i landet.

    Norge krever for eksempel toll på ost som importeres fra utlandet. Det gjør at ost fra utlandet koster mer her hjemme, sammenlignet med ost fra norske produsenter.

    Kilde: Regjeringen/Store norske leksikon

  • Hvordan fungerer det?

    Det er bedriften eller personen som importerer varen som betaler tollen. Det skjer når varen passerer grensen.

    Inntektene fra tollen går til landet som har ilagt den.

    Siden det da koster mer å selge en vare, kan en bedrift sette opp prisen på produktet for å dekke inn kostnaden av tollen.

    Slik kan kostnaden av toll gå ut over forbrukerne.

  • Hva er formålet?

    Spesielt to argumenter for toll trekkes frem:

    1. Styrking av et lands egne bedrifter mot konkurranse fra utlandet
    2. Inntekter til staten

    Toll gjør at utenlandske varer blir dyrere for forbrukere i landet de importeres til. Ved å gjøre disse varene dyrere, kan staten håpe at folk heller vil kjøpe lokale produkter.

    Noen mener dermed at toll på importerte varer kan beskytte et lands egne bedrifter mot konkurranse fra utlandet.

    Og siden toll i praksis gir staten ekstra kroner for en vare som sendes over grensen, mener noen at dette vil gi staten mer inntekter.

    Donald Trump trekker også frem et tredje argument: nemlig å bruke toll som et forhandlingskort eller pressmiddel.

  • Hva har Trump gjort?

    Donald Trump har sagt at han er en stor tilhenger av toll.

    Den amerikanske presidenten er imot frihandel. Frihandel betyr at varer kan eksporteres uten toll, på tvers av landegrenser.

    USA innfører nå en minimumstoll på 10 prosent mot alle land.

    På toppen av det vil ulike land få enda mer toll, avhengig av hva de eksporterer og hvor mye de eksporterer til USA.

    Regjeringen anslår at alle norske varer som sendes til USA får en toll på 15 prosent.

  • Hvilke konsekvenser får dette for Norge?

    Folk og bedrifter i Norge vil rammes av USAs nye tollsatser:

    Norge eksporterer varer verdt over 60 milliarder kroner til USA årlig. Disse varene blir nå dyrere i USA.

    1. Norske bedrifter kan dermed miste kunder
    2. Hvis Norge svarer med toll mot USA, kan utenlandske varer bli dyrere her hjemme
    3. Høyere priser kan føre til høyere inflasjon

    Norske varer som sendes til EU, Kina eller andre land kan også bli rammet. Det skjer fordi USA krever økt toll fra flere land.

    Norske bedrifter kan dermed bli nødt til å kutte arbeidsplasser.

    Hvis inflasjonen i Norge fortsetter å være høy, vil Norges bank trolig ikke sette ned renta.

– Eg er alvorleg bekymra. No har vi fått ein skotsalve frå Trump og Kina svarar med same mynt. Om dette er starten på eit mønster i heile verda, så kan det sjå stygt ut.

Det seier Knut Anton Mork. Han er professor emeritus ved NTNU og har forska på makroøkonomi i ei årrekke.

Knut Anton Mork med briller

Knut Anton Mork er ikkje i tvil om at det vi ser no er ein handelskrig. Han fryktar ein langvarig økonomisk nedgangsperiode i verda.

Foto: Vidar Ruud / NTB

– Dette er ei ny verd. No må alle legge tidlegare prognosar til sides, også Noregs Bank. Dette kan ende med økt rente ved neste rentemøte, seier Mork.

USAs sentralbanksjef trur på auka inflasjon

President Donald Trump bad fredag den amerikanske sentralbanken senke styringsrenta, og seier at tidspunktet no er perfekt for eit kutt.

Men sentralbanksjef Jerome Powell åtvarar mot at tollsatsane som blei innført av Trump denne veka truleg vil auke inflasjonen og dempe den økonomiske veksten i USA, melder AFP.

Powell seier det er for tidleg å vurdere endringar i den amerikanske pengepolitikken.

Handelskrig

Økonomiprofessor, Ole Gunnar Austvik, forklarar det er slik ein handelskrig spelar seg ut.

Eit land startar – så slår andre land tilbake med mot-svar.

– Meininga er at den andre parten skal tape. Men når svara kjem som no, så blir det tap for begge partar, seier Austvik.

Trump har argumentert for at tollsatsane han innførte er rettferdige. Spørsmålet no blir korleis Trump reagerer på svaret frå Kina, ifølgje Austvik.

– Det er ein risiko for at Trump kan auke sine tollsatsar enda meir. På 1930-talet svarte det eine landet mot det andre fram til heile verdsøkonomien gjekk i stå. Det er skrekkscenarioet, seier han.

Professor i samfunnsøkonomi ved BI, Hilde Bjørnland, vil ikkje seie det er handelskrig no, men ho kallar situasjonen veldig alvorleg.

– Dette er ei opptrapping mot handelskrig. Vi er eit skritt nærmare ein global resesjon, seier ho.

Oljeprisfall

Også oljeprisen har gått kraftig ned i dag.

Nordsjøolje kosta 65,12 dollar fatet klokka 18.32. Sidan midnatt er prisen ned over 6 prosent.

Prisen har ikkje vore så låg sidan 2021.

En gruppe skip i vannet

Bildet er av Johan Sverdrup-feltet vest for Stavanger.

Foto: TOM LITTLE / AFP / NTB

Analytikar, Teodor Sveen-Nilsen, i Sparebank 1 Markets seier det er mange ting som påverkar oljeprisen, men at Trump sin politikk er hovudgrunnen til prisfallet.

– Olje er ei råvare der prisen stort sett er volatil, så dette er ikkje ekstremt spesielt, men det er ein klar reaksjon på at marknaden ikkje likar toll. Fallande oljepris er også eit tydeleg signal om at marknaden har mindre tru på vekst i verdsøkonomien, seier Sveen- Nilsen.

en mann som smiler med armene i kors

Sparebank 1-analytikar, Teodor Sveen-Nilsen, trur ikkje oljeprisfallet vil påverke produksjon på norsk sektor, men slår fast at om prisen fell vidare kan det påverke viljen til å investere.

Foto: Johan Sættem

I tillegg til tollkrigen er oljeprisen påverka av at oljelanda i OPEC+ har varsla at dei vil auke sin oljeproduksjon.

– Kva betyr oljeprisfallet for Noreg?

– Fyrst og fremst lågare skatteinntekter. Når oljeprisen er låg tenar oljeselskapa mindre i den perioden. Dermed betalar dei mindre skatt og staten får færre kroner inn på oljefondet, seier Sveen-Nilsen.

AKTUELT NÅ