Hopp til innhold

Vil ha langt strengare krav til elevar

Får Høgre det som dei vil, må du i framtida ha 4 i karakter for å kunne bli lærar. Langt større krav til elevane er noko av hovudbodskapen til Erna Solberg i landsmøtetalen til Høgre.

Erna Solberg

MÅ FORSVARE MÅLINGANE: Når Erna Solberg i dag går på talarstolen er det ikkje venta dei største overraskingane.

Foto: Roald, Berit / Scanpix

– Staten yter svært mykje for å skaffe moglegheit for ei god utdanning til alle i Noreg. Då må ein kunne stille krav tilbake til elevane, sa Erna Solberg på talarstolen i dag.

Erna Solberg vil at dei som ønskjer å utdanne seg til å bli lærar, må ha minimum 4 i karakter i norsk, mattematikk og engelsk.

Kva tykkjer du om karakterkrav for lærarar? Sei di meining nederst i saka!

Også dei som vil bli sjukepleiar må bu seg på hardare jobbing på vidaregåande.

– Mange fell i dag frå i sjukepleiarutdanninga fordi studiet er for krevjande. Regjeringa vil løyse dette problemet med å gjera studiet enklare. Me vil i staden auke kravet for å kome inn på utdanninga.

Høgre-leiaren refererte til forslaget om å heve kravet for å kome inn på sjukepleiarutdanninga til 3,5 i snittkarakter. I tillegg meinar Høgre at studentane skal ha minimum 3 i norsk, matte og engelsk.

Meir fokus på faglærde

Helse og omsorg var ein av hovudsaka i Solberg si opningstale. Ho fortalde om ein stortingsrepresentant frå Høgre som hadde ansvar for å pleie ein døyande pasient som 16-åring. Det var opninga for ein lang bolk om å få fleire faglærte inn i omsorgstenesta.

– Regjeringa si line er «kven som helst på kva som helst plass», medan det burde heller vere «rett person til rett plass», sa Erna med skarp kritikk til regjeringa.

Erna Solberg vil at langt fleire ufaglærde skal få moglegheiten til vidareutdanning.

Høgre som velferdsparti

Kyrre Nakkim, kommentator

LITE OVERRASKINGAR: Samfunnsredaktør i NRK, Kyrre Nakkim, meiner talen var utan dei store ovveraskingane.

Foto: Emrah Senel / NRK

Samfunnsredaktør i NRK, Kyrre Nakkim, meiner Erna Solberg har valt å fokusere meir om velferd og omsorg for å appellere til større delar av befolkninga. Han meiner at Høgre som eit liberalistisk parti som fokuserer mest på penger, ikkje er måten å fri til vanlege folk.

– Høgre vil også gjere seg meir etande for Venstre og Krf, som mange spår vil bli samarbeidspartnarar i 2013.

Nakkim meiner Erna Solberg er ein sterk og stødig leiar som dei fleste i partiet har tiltru til.

– Det er nokre få menneske som vil bytte ho ut, men dei torer ikkje snakke høgt. Erna har alltid stått veldig sterkt ute i distrikta, det er først og framst i Oslo at kritikken ligg. Men så lenge målingane er så bra tør ikkje eingong Oslo Høgre å uttale seg, seier Nakkim.

Kyrre Nakkim slår fast at Erna Solberg overraska svært lite under talen.

– Ho fekk ikkje noko særleg stor applaus frå salen, rett og slett fordi det ikkje var særleg mykje oppsiktsvekkjande ho kom med, seier Nakkim.

Står høgt på målingane

Høgre har i lang tid vore høgt oppe på meiningsmålingane. Ei måling som vart publisert i går synte at Høgre no har ein oppslutnad på 27%, heile ti prosentpoeng sterkare enn resultatet frå stortingsvalet i 2009.

– Det er jo veldig hyggeleg. Me skal ha landsmøte og alle gode meiningsmålingar før eit landsmøte gjer det jo ekstra hyggeleg, sa partileiar Erna Solberg i går.

AKTUELT NÅ