Konkurransetilsynet meiner dei tre store aktørane i daglegvarebransjen har drive med ulovleg prissamarbeid – og at det har ført til høgare prisar for forbrukarane.
Ifølgje tilsynet har dei tre delt store mengder prisinformasjon med kvarandre, gjennom såkalla prisjegerar.
– Dette er eit alvorleg lovbrot, noko som speglar størrelsen til gebyret, seier konkurransedirektør Tina Søreide under ein pressekonferanse onsdag.
- Coop får eit gebyr på 1,3 milliardar kroner
- Norgesgruppen eitt på 2,3 milliardar
- Rema eit gebyr på 1,3 milliardar kroner
Søreide gjer det klart at kjedene er nøydde til å slutte med bruken av prisjegerar.
Reitan Retail, som eig Rema 1000, seier dei vil anke avgjerda. Også Coop Noreg og Norgesgruppen avviser lovbrot.
– Må dei slutte med denne prisjeger-ordninga sjølv om aktørane er sterkt usamde og vil anke avgjerda frå tilsynet?
– Ja, svarer Søreide til NRK.
Men Kiwi-eigar Norgesgruppen har ingen planar om å slutte.
– Vi har ingen planar om å kutte bruken av prisjegerar. Det er umogleg å vere billigast om ein ikkje sjekkar kva prisane er i marknaden, det gjeld all handel, seier kommunikasjonsdirektør Stein Rømmerud i Norgesgruppen til NRK.
NRK har bede alle dei tre aktørane om å få følgje ein prisjeger på jobb, for å få innsikt i korleis dei arbeider. Alle har takka nei til NRK sin førespurnad, og viser blant anna til at det er konkurransesensitivt.
Ankar avgjerda
– Praksisen med å sjekke prisen konkurrentane tek for ei vare, har vore del av ein sunn og naturleg konkurranse til alle tider, i alle bransjar, seier leiar for næringspolitikk i Reitan Retail, Kårstein Eidem Løvaas.
Både Reitan Retail, Coop Noreg og Norgesgruppen meiner at prisjegerar har verka positivt for konkurransen.
Dei tre står for 95 prosent av den norske daglegvaremarknaden.
Sjokolade i ei butikkhylle hos Rema 1000.
Foto: Elisabeth Tøtte Hansen / NRK– Coop Noreg har ikkje delteke i eit ulovleg samarbeid slik Konkurransetilsynet hevdar, seier Philipp Engedal, administrerande direktør i Coop Noreg.
Konsernsjef Runar Hollevik i Norgesgruppen meiner praksisen med prisjegerar – som kom på plass i 2010 – har vore offentleg kjent, og at tilsynet har vore orienterte om den heile vegen.
– Vi har tidlegare sagt at vi kjem til å forfølgje saka vidare i rettssystemet og det gjeld framleis.
Snart 7 år lang etterforsking
I mange år har Konkurransetilsynet meint at konkurransen mellom dei store daglegvarebutikkane har vore for svak, og at det gjer at prisane er høgare enn dei burde vere.
I 2018 aksjonerte tilsynet mot dei tre store: Norgesgruppen, som har butikkar som Kiwi og Meny, i tillegg til Coop og Rema 1000.
Daglegvarekjedene seier dei ikkje har gjort noko ulovleg.
Foto: Eirik Haukenes / NRKTilsynet gjennomførte fleire umelde kontrollar, med mistanke om ulovleg prissamarbeid.
Den gongen, som no, sa kjedene at dei ikkje meinte dei hadde gjort noko ulovleg.
Ifølgje tilsynet auka verksemda til prisjegerane mellom januar 2011 og fram til tilsynet aksjonerte i 2018. Det gjorde at kjedene etter kvart vart oppdaterte på kvarandre sine prisar fleire gongar om dagen, ifølgje tilsynet.
«Som følgje av samarbeidet forventa den enkelte kjede at konkurrentane ville følgje prisendringar raskt. Dermed vart det meir attraktivt for kjedene å auke prisane, samstundes som det vart mindre attraktivt å redusere prisane», skriv tilsynet i ei pressemelding onsdag.
I fleire bransjar er det vanleg at ein følgjer med på prisane til sine konkurrentar. Årsaka til at tilsynet reagerer i akkurat daglegvarebransjen, er fordi dei har samla inn prisane til kvarandre ofte fleire gongar om dagen.
Meiner kjedene har forstått problemet
– På den måten har dei kunna rekalkulert sine prisar veldig raskt. Det er noko som forbrukarane ikkje har kunne sett på same måte. Det er så massivt at det får ein heilt annan karakter enn det ein kan få av å berre sjå i butikkane til kvarandre, seier Søreide.
Under pressekonferansen onsdag viste Søreide fram ein e-post frå ein av sjefane i ei av kjedene.
– Kjedene har sjølv forstått korleis denne praksisen har hatt ein effekt på konkurransen, seier Søreide.
Varsla store gebyr
I desember 2020 varsla Konkurransetilsynet gebyr på til saman 21 milliardar kroner til dei tre store aktørane.
I vår tok saka ei ny vending. Då droppa tilsynet dei mest alvorlege skuldingane mot kjedene – skuldinga om at dei hadde gjort avtalar seg i mellom med mål om å avgrense konkurransen.
Dei varsla gebyra vart kraftig reduserte – og står ved lag onsdag:
- Coop får eit gebyr på 1,3 milliardar kroner
- Norgesgruppen eit på 2,3 milliardar
- Rema eit på 1,3 milliardar kroner
Konkurransedirektør Søreide slår følgjande fast under pressekonferansen onsdag:
– Det vi har konkludert med må oppfattast som eit tydeleg signal til bedrifter i alle marknadar. Samarbeid som har noko med prisar og gjere, blir veldig fort ulovlege viss det kan avgrensa konkurransen.