Prisen Årets influensar var éin av fjorten som vart delt ut under prisutdelinga fredag kveld, og den er rekna som ein av dei gjævaste.
– Eg hadde aldri trudd eg skulle vere her eg er no, for berre eitt år sidan, sa Husebye frå scena i Gamle Logen i Oslo sentrum.
22-åringen starta ein Youtube-kanal i mai 2015 og har totalt over 19 millionar avspelingar på videoane sine. I 2019 nådde ho 100.000 abonnentar, i eit år som Husebye sjølv omtaler som «heilt sjukt».
– Eg fekk over 100.000 abonnentar, gav ut bok og fullførte ein bachelorgrad. Det er heilt sjukt, eg kan ikkje skjønne at eg faktisk vinn denne prisen, sa Husebye.
– Eg synest det er veldig gøy vi Youtubarar endeleg vert litt sette, og at vi får lov til å komme hit i kveld, la ho til.
Fredag kveld var Noregs influensarbransje samla til Vixen Influencer Awards. Til saman 66 finalistar kjempa om prisane i dei totalt 14 kategoriane.
Desse vart heidra med tilsaman 14 prisar
- Årets influensar: Agnetesh – Agnete Husebye
- Årets influensar mote: Jenny Skavlan
- Årets influensar beauty: Eveline Karlsen
- Årets influensar trening og helse: Funkygine – Jørgine Massa Vasstrand
- Årets influensar livsstil: Saraaemiliee – Sara Emilie Tandberg
- Årets influensar interiør: Halvor Bakke
- Årets influensar mat: Fattig student – Karen Elene Thorsen
- Årets influensar underhaldning: Jan Thomas og Einar blir venner – Jan Thomas og Einar Tørnquist
- Årets gullpenn: Ingeborg Senneset
- Årets sterke meining: Kristin Gjelsvik
- Årets stjerneskot: Kokkejævel – Asbjørn Sandøy
- Årets business: Sophie Elise Isachsen
- Årets forbilde: Adam Schjølberg
- Folkets favoritt: Funkygine – Jørgine Massa Vasstrand
- Heidersprisen frå juryen: Trines matblogg – Trine Sandberg