Foreslår 320 millionar til sikring etter ekstremvêr

Regjeringa foreslår å bruke 320 millionar kroner meir for å fikse opp i skadane etter ekstremvêr og ulukker i fjor. Og for å sikre betre for framtida.

Vegen til Otterdal vart vaska vekk 1. juledag 2011.

Sogn og Fjordane vart sterkt råka av stormen «Dagmar» i romjula. No vil Regjeringa gi 27 millionar i ekstra midlar til fylket.

Foto: Privat

– Slik følgjer me opp lovnadene våre om å dekkje ekstrakostnader etter uvêr og brann, utan at det går ut over andre prosjekt, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i ei pressemelding.

Av dei 320 millionane vil Regjeringa at 120 millionar kroner skal gå til Statens vegvesen, medan Jernbaneverket skal få 200 millionar.

Dette kjem fram i forslaget til revidert nasjonalbudsjett som vert lagt fram i dag.

Vestlandet får mest

Det er tydeleg at dei fylka som har vore hardast råka av ekstremvêr det siste året er dei som får mest pengar. Av 80 millionar som Statens vegvesen er foreslått å bruke på vutbetring etter stormen «Dagmar», vil regjeringa at heile 54 millionar skal gå til Hordaland og Sogn og Fjordane.

Dei resterande midla til vedlikehald av vegar vil regjeringa dele ut til fylka Aust-Agder, Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal og Nordland.

Dei resterande 40 millionane av dei auka investeringsmidlane er foreslått til å gjere Oslofjordtunnelen sikrare. Dette vert gjort på bakgrunn av brannen i fjor, som førte til at 12 personar måtte på sjukehus.

(artikkelen held fram)

Video Ras og flom på Notodden

KLIKK FOR VIDEO: Slik såg det ut då Notodden vart råka av ras og flaum i fjor sommar.

Vil gjenoppbyggje Notodden stasjon

Regjeringa ønskjer å gi auka middel til Jernbaneverket vil som i også stor grad skal gå til opprydding etter ekstremvêret.

Dovrebanen er foreslått utbetra, etter flaumherjingane i fjor. I tillegg ønskjer Regjeringa å byggje opp igjen Notodden stasjon. Nesten heile det ærverdige stasjonsområdet frå 1919 vart øydelagt av flaum i fjor.

Det er også behov for auka middel for oppryddingsarbeid etter brann på Hallingskeid og ras ved Myrdal. Brannverntiltak i Oslotunnelen er også noko Regjeringa ønskjer å løyve meir pengar til.

Dette er ikkje første gong Regjeringa vil løyve middel etter ekstremvêret i fjor. I november løyvde dei ein kvart milliard kroner ekstra til reparasjonar etter flaum, ras og brann på veg og jernbane.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger