Hopp til innhold

- Det vil bli meir overvaking i det skjulte etter terroren 22.juli

Etter terroråtaket den 22.juli vil styresmaktene trappa opp den hemmelege overvakinga av norske borgarar, trur professor Frank Aarebrot.

Spår meir skjult overvaking etter terroren 22.juli.

Professor i samanliknande politikk, Frank Aarebrot, meiner overvaking i det skjulte vil bli hyppigare brukt av PST etter terroråtaket 22.juli. Biletet er frå Akersgata i Oslo sentrum, like etter bombeeksplosjonen.

Foto: Roald, Berit / Scanpix

Politiet si tryggingsteneste (PST) seier dei ikkje hadde moglegheit til å fanga opp Anders Behring Breivik på terror-radaren med dei verkemidla dei har råderett over i dag.

Overvakinga i det norske samfunnet vil auka i tida framover, meiner professor i samanliknande politikk, Frank Aarebrot.

– Umogleg å fanga opp

Terrorsiktede Anders Behring Breivik på vei fra retten til politihuset

Terrorsikta Anders Behring Breivik på veg frå Tingretten til politihuset førre veke.

Foto: Jon-Are Berg-Jacobsen / SCANPIX

Korleis kunne massedrapsmannen Anders Behring Breivik førebu og gjennomføra eit så omfattande og grusomt terroråtak på norsk jord utan å verta oppdaga og stoppa av politiet?

Like etter terroraksjonane saumfarte PST eigne arkiv, utan å finna grunn til sjølvkritikk.

Analysesjef i PST, Jon Fitje, seier det var umogleg å fanga opp Behring Breivik som ein mogleg terrorist med dei verkemidla som etaten har i dag.

– Sjølv no i ettertid er det slik. Det er det mest bekymringsfulle, seier Fitje.

– Meir i det skjulte

Professor Aarebrot trur PST heretter vil ha strengare oppsyn med potensielt trugande personar eller grupper i Noreg, men at dette vil skje i det skjulte.

– Hemmeleg overvaking går føre seg i Noreg i dag også. Den veit me lite om og den bør me vel heller ikkje veta noko særleg om. Men det vil truleg skje endringar i korleis denne skjulte overvakinga går føre seg.

Også kontrollen med ein del handelsvarer som våpen og ein del kjemikaliar kjem til å bli styrkja, ifølgje Aarebrot.

Noreg skal møta dei grufulle ugjerningane med meir openheit og meir demokrati, har statsminister Jens Stoltenberg (Ap) understreka etter terroren som tok 77 menneske med seg i døden.

Meir synleg vakthald, sperringar og væpna politi som ein permanent del av gatebiletet har Aarebrot difor lita tru på.

– Eg trur heller det blir meir av den skjulte overvakinga enn av den openbare. Regjeringa har lagt vekt på at me skal ha eit ope samfunn, også etter 22.juli. Eg har difor vanskeleg for å sjå føre meg væpna politi i gatene og at det kjem ein stor mur rundt Slottet og Stortinget, seier Aarebrot.

Åtvarar mot meir overvaking

Jon Wessel-Aas

Advokat Jon Wessel-Aas meiner meir kontroll over norske borgarar sine rørsler og tankar ikkje er vegen å gå for å hindra nye terroråtak.

Foto: Nina Didriksen

Jon Wessel-Aas er advokat og medlem i den internasjonale juristkommisjonen. Han åtvarar mot å bruka attentatet og massakren til å utvida bruken av overvaking i Noreg.

– Eg håpar ikkje at terroråtaket vil resultera i meir overvaking, slik Aarebrot spår. Samfunnet blir ikkje nødvendigvis tryggare av å gjera større innhogg i vanlege borgarar sin private sfære, seier han.

I ei meiningsmåling som VG har gjort, svarar ein tredel av dei spurde at dei stiller seg meir positive til omfanget av overvaking i Noreg etter terroren.

Wessel-Aas er ikkje overraska over at nordmenn no er meir positive til ulike overvakingstiltak, men meiner det er «ein lettvint bløff» å hevda at overvaking gjev eit tryggare samfunn.

– Styresmaktene kastar blår i augo på folk dersom dei no argumenterer for å auka overvakingstrykket ved å seia at samfunnet blir tryggare på den måten, seier advokaten.

«Soloterrorisme»

Regjeringskvartalet etter bomben 22.07.11

Slik såg det ut i regjeringskvartalet etter bomba som eksploderte den 22.juli.

Foto: Andersen, Aleksander / SCANPIX

Wessel-Aas poengterer at det er Stortinget som må gå inn for å utvida heimlane til PST, dersom dei skal utvida bruken av hemmeleg overvaking på lovleg vis.

– Men det er klart at det no kjem press frå mange hald. Kanskje vil terrorloven bli endra til også å omfatta «soloterrorisme», og ikkje berre det å inngå terrorforbund med andre, slik som er tilfellet i dag.

Wessel-Aas er likevel motstandar mot å gje PST friare taumar. Han viser til endringane som er gjort i straffelova etter 2005, då førebuande handlingar også har vorte innlemma i terrorlovgjevinga som straffbare.

– Me har allereie eit overvakingstrykk som er ganske hardt i Noreg. Ein mistanke om at nokon vil kunne koma til å førebu terror er nok til å setja i gang avlytting. I tillegg har EOS-utvalet kritisert PST ved fleire høve for å tolka rettane sine for vidt, påpeikar advokaten.

Under lupa

Regjeringa har nyleg varsla at dei vil oppretta ein eigen terrorkommisjon til å saumfara og kartleggja både det bestialske som skjedde den 22.juli og styresmaktene sin respons på det.

Ei klok avgjersle, er professor Aarebrot og advokat Wessel-Aas begge samde om.

– Det er lurt å ta utgangspunkt i fakta. Kva gjekk gale og kva fungerte i den situasjonen me var i? Styresmaktene må basera lovendringar og nye instruksjonar til tryggingsetatane på fakta og ikkje på kjensler, seier Aarebrot.

Han får medhald frå advokat Wessel-Aas:

– Ein kan ikkje unngå nye terror-handlingar for einkvar pris. Men det er bra at ein uavhengig kommisjon ser på rasjonelle, overkommelege tiltak som kan gjera det noko mindre sannsynleg at me vert råka igjen.

AKTUELT NÅ