Stortingsrepresentant Marianne Aasen meiner vandrehallen på Stortinget har blitt ei teaterscene
Foto: Falch, Knut / SCANPIXNo skal presidentskapen på Stortinget sjå på korleis partia brukar vandrehallen på Stortinget. Eitt av tilfella Assen siktar til, skjedde sist onsdag. Då tok Kristeleg Folkeparti med seg Marte Wexelsen Goksøyr, som har Downs syndrom, inn på Stortinget slik at ho fekk møte statsministeren.
Invitert av KrF
Sjølv om ikkje alle journalistane nemnde det då dei laga historiene sine frå dette møtet på Stortinget, så var det KrF som inviterte Marte Wexelsen Goksøyr til Stortinget. Dei kjempar nemleg for ei felles sak, at det ikkje skal vere mogleg å ta tidleg ultralyd.
Då fryktar både Marte og KrF at slike som Marte skal bli valde bort gjennom abort.
For to veker sidan leidde Framstegspartiet inn ei gruppe rullestolbrukarar med "servicehundar" inn i vandrehallen. Høgre har teke med seg pasientar med matforstyrringar.
- Det er i ferd med å bli eit show, seier Marianne Aasen.
- Ikkje noko val
Ho meiner statsministeren ikkje har noko val når han blir møtt av enkeltskjebner utanfor stortingssalen, med journalistar og fotografar rundt seg som vil få med seg møtet.
No skal stortingspresident Dag Terje Andersen, også han frå Arbeidarpartiet, ta saka opp i presidentskapet. Kanskje blir det færre enkeltskjebner som skal illustrere aktuelle saker, i vandrehallen framover.
Jens Stoltenberg møtte Marte Wexelsen Goksøyr i vandrehallen på Stortinget sist onsdag.
Foto: NRKLES OGSÅ: