Vil flytte jekta

Ei gruppe privatpersonar vil flytte nordlandsjekta "Anna Karoline" frå Bodø til Lofoten.

Jekta Anna Karoline

Anna Karoline er den eneste gjenværende Nordlandsjekta i verden. Nå ønsker en gruppe privatpersoner å flytte den til Lofoten.

Foto: NRK

Advokat Tore Haug, som er ein av initiativtakarane til dette forslaget seier til NRK Nordland at jekta er tenkt plassert på Ballstad der det før i tida var jekteoppsett, og at Anna Karoline høyrer naturleg heime i Lofoten.

- Vi har tenkt på tomt like ved slipen på Ballstad, kor vi har eit flott veggmaleri med motiv frå jektetida. Veggmaleriet er mange hundre kvadratmeter, og er verdas største.

Tore Haug har med seg mellom anna fiskekjøpar Rolf Jentoft frå Ballstad i planane om å flytte nordlandsjekta Anna Karoline frå Bodø til Lofoten.

Bortgøymt på land

Anna Karoline, som er i dag den einaste originale nordlandsjekta, blei på 50-talet henta frå Lofoten til Bodø av dåverande Nordlandsmuseet, i dag Salten Museum.

Men det prektige fartyet har stått på land i Bodøsjøen i 50 år, som eit bortgøymt monument over nordnorsk kysthistorie.

Tore Haug seier at han ikkje har vore i kontakt med Salten Museum, men at dette vil bli gjort når prosjektet blir meir konkret. Han håpar også Lofotrådet stiller seg bak planane om å plassere Anna Karoline på Ballstad.

Her har vi har både historiske røtter og aktuell historie å knytte jekta til. Vi meiner difor at den høyrer heime her, når den også kom frå Lofoten, seier han.

- Tap for Salten museum

Salten Museum, tidlegare Nordlandsmuseet, har i årevis forsøkt å finne ei løysing for å få restaurert og vist fram "Anna Karoline". Men museet og Bodø kommune har ikkje klart å bli einige om ei avtale om tomt eller midlar til prosjektet.

Direktør for Salten museum, Harry Ellingsen, seier det vil være eit stort tap for Salten museum om jekta blir flytta til Lofoten.

- Men det viktigaste er at jekta blir gjort tilgjelgeleg for publikum, og at ho blir tatt vare på.

Haug meiner nærmiljøet og omgjevnadane i Lofoten passar perfekt for jekta "Anna Karoline".

- Vi har tenkt Ballstad, kor vi som arbeider med dette held til.Og i forgrunnen har vi fiskehjellane, framleis fulle av fisk. Vi har levande fiskevær, eksport av fisk, og vi har Væreiergård med historie og inntakt arkiv frå jektetida og fram til no.