Trygt å opne rasutsett veg
Mannskap har begynt oppryddingsarbeidet etter raset mellom Vikten og Vareid i Flakstad kommune i Lofoten.
Det bekreftar ordførar Trond Eivind Kroken (Sp) til NRK like over klokka 16:00 laurdag.
Geologar har ikkje vore på staden, men har studert dronebilde av området for å vurdere om det er ytterlegare rasfare.
No har dei konkludert med at det er trygt å opne vegen, men må rydde området først. Dette arbeidet pågår no og det er håp om å opne vegen i løpet av kvelden.