Færre enn 1000 mennesker snakkar språket, og no har prosjektet "sett i gang og snakk" kome i gang.
Arrangørane har holdt sin første språkleir, og responsen og viljen til å delta på den andre språkleiren i mars er enorm, både i Sverige og Noreg. Det fortel prosjektleiar på norsk side, Kevin Johansen.
- Då vi sette igang med prosjektet så hadde vi budsjettert med at det skulle vere 20 deltakarar totalt sett på norsk og svensk side. Men det har vore så overveldande respons at vi har vore over 80 deltakarar på dei språkleirane vi har hatt.
Mykje å lære av kvarandre
No har Norske og svenske krefter starta prosjektet " Sett i gang og snakk", for å styrke og utvikle Sør-samisk. Målgruppa er sjette til niande klassar i heile Sør-sapmi, frå Hattfjelldal og Snåsa tilTärnaby i Sverige.
Sagka Stengberg er prosjektleiar på svensk side og seier at dei ikkje har samarbeida før på denne måten, og at dei har mykje å lære av kvarandre.
- Ein har kome litt lengere når det gjeld språksamlinga på norsk side, til dømes i Røros, Snåsa og Hattfjelldal.
Johansen seier at det er svært viktig å samarbeide med svenskane.
- Det er ekstremt viktig å ha samarbeid over landegrensa, og spesielt på samiske saker der riksgrensa blir veldig unaturleg, med at du har hatt tradisjonell busetjing på tvers av grensa. Familiar har kryssa grensa veldig ofte, så har det vore heilt naudsynt for å sikre at dette skal bli eit godt prosjekt.